Rock and Roll, Hoochie Koo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rock and Roll, Hoochie Koo
Song av Johnny Winter And
frå albumet Johnny Winter And
Utgjeve 1970
Innspelt 1970
Sjanger Hardrock
Lengd 3:29
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Rick Derringer
Produsent Johnny Winter, Rick Derringer

«Rock and Roll, Hoochie Koo» er ein rockesong skriven av Rick Derringer.[1] Han vart først spelt inn i 1970 av Johnny Winter And, bandet til Johnny Winter i 1970-1971, der Derringer var medlem. I 1973 spelte Derringer inn sin eigen versjon av songen og denne vart då den einaste topp 40-hitten han fekk som soloartist, då songen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100.[2] Både Winter og Derringer har spelt inn fleire konsertversjonar av songen og fleire andre artistar har òg spelt songen.

Originalutgåva[endre | endre wikiteksten]

«Rock and Roll, Hoochie Koo» vart først spelt inn av Johnny Winter i 1970 med bandet «Johnny Winter And», som inkluderte Rick Derringer og andre tidlegare medlemmar av The McCoys. I følgje Derringer «den første songen eg skreiv for Johnny var 'Rock and Roll, Hoochie Koo'. 'Rock and Roll' for å oppfylle rock and roll-kravet eg var meint å ta med meg til bandet, og 'Hoochie Koo' for å tilfredsstille kongen av blues-kjensla som Johnny var meint å oppretthalde. Og det fungerte veldig bra».[3] Songen kom ut på albumet Johnny Winter And og nådde 154. plassen på Billboard 200-lista.[4]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Rick Derringer spelte inn songen i 1973 for det første soloalbumet sitt, All American Boy. Derringer sin versjon vart mykje spelt på radio i 1970-åra. Derringer spelte inn fleire konsertversjonar av songen gjennom åra.[1] Derringer sin versjon er nytta i fleire filmar som The Spirit of '76 (1990), Rush (1991), Dazed and Confused (1993), Stag (1997) og What a Girl Wants (2003).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Rock and Roll, Hoochie Koo – Song Review». AllMusic. Henta 2. september 2018. 
  2. «Rick Derringer - Chart history | Billboard». www.billboard.com. Henta 2. september 2018. 
  3. Sullivan, Mary Lou (2010). Raisin' Cain: The Wild and Raucous Story of Johnny Winter. Backbeat Books. s. 139–140. ISBN 978-0-87930-973-2. 
  4. «Johnny Winter – Billboard albums». AllMusic. Henta 2. september 2018.