Johnny B. Goode
| Johnny B. Goode Singel av Chuck Berry frå albumet Chuck Berry Is on Top |
||
| B-side | «Around and Around» | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 31. mars 1958 | |
| Sjanger | Rock and roll | |
| Lengd | 2:40 | |
| Selskap | Chess 1691 | |
| Låtskrivar(ar) | Chuck Berry | |
| Chuck Berry-kronologi | ||
| «Sweet Little Sixteen» (1958) |
Johnny B. Goode | «Beautiful Delilah» (1958) |
«Johnny B. Goode» er ein rock and roll-song av Chuck Berry frå 1958. Han vart av musikkmagasinet Rolling Stone rekna som den sjuande største songen på lista over dei 500 største songane gjennom tidene, og den bestegitarsongen på lista deira over dei 100 største gitarsongane gjennom tidene.
Han vart skrive av Berry i 1955 og er ein rock and roll-utgåve av den amerikanske draumen — ein fattig landsgut som vert ei stjerne med hard arbeid og inspirerande gitarspeling. Dette bilete av ukjende utan framtid som vert heldige og store stjerner er eit tema som går igjen i mange seinare songar.
|
He never ever learned to read or write a book so well, Chuck Berry
|
Gitarriffet i opninga er eit av dei mest kjende i rock and roll-historia, men er i all hovudsak ein rein kopi av opningssoloen til Louis Jordan sin song «Ain't That Just Like a Woman» frå 1946, spelt av gitarist Carl Hogan.[1]
Sjølv om songen er delvis sjølvbiografisk, skal inspirasjonen til songen visstnok ha vore Johnnie Johnson som spelte piano og skreiv fleire songar med Berry, og som seinare vart rekna som ein stor bidragsytar til Berry sin umiskjennelege stil.
Berry var klar over at songen hans var viktig og skreiv to songar til om Johnny, «Bye Bye Johnny» og «Go Go Go», samt eit instrumentalalbum kalla «Concerto in B. Goode».
Berry si utgåve av songen var med på Voyager Golden Record, som vart festa til Voyagerfartøyet som vart sendt ut i verdsrommet.
Coverversjonar [endre]
«Johnny B. Goode» er ein song som har vorte spelt særs mange gonger av andre artistar gjennom tidene. Nokre av desse er:
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Miller, James (1999). Flowers in the Dustbin: The Rise of Rock and Roll, 1947-1977. Simon & Schuster, 104. ISBN 0-684-80873-0.