Rodrigues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rodrigues
Port Mathurin på Rodrigues.
Port Mathurin på Rodrigues.
Geografi


Stad Det indiske havet
Areal 109 km²
Høgaste punkt Mt. Limon (396 moh.)
Administrasjon
Land Mauritius
Største busetnad Port Mathurin (5929 innb.)
Demografi
Folketal 36500 (2004)

Rodrigues eller Rodriguez er ei øy i Det indiske havet underlagt øystaten Mauritius. Rodrigues er også den austlegaste delen av øygruppa Maskarenane – ho ligg om lag 550 km aust for øya Mauritius. Øya er av vulkansk opphav og er omgjeven av korallrev. Rodrigues har fått namnet sitt etter den portugisiske sjøfararen Diogo Rodrigues. Ho var truleg folketom då portugisarane slo seg ned på øya i 1507.

Rodrigues blei seinare vitja av nederlendarar og franskmenn, som enda opp med kontrollen over øya. Dei grunnla sukkerplantasjar ved hjelp av slavar frakta til øya frå Afrika. Innbyggjarane på Rodrigues er i stor grad etterkomarar av plantasjearbeidarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rodrigues