Rolf Furuseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Furuseth
Fødd27. september 1915
Vestre Toten kommune
Død16. mai 1984 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar, industriarbeider
Alle verv

Rolf Furuseth (27. september 191516. mai 1984) var ein arbeidar og stortingsrepresentant frå Vestre Toten i Oppland. Han møtte på Stortinget for Arbeidarpartiet i tida 1969-81.

Furuseth var son til ein småbrukar. Sjølv var han sjåfør i 1937 og 1938. I 1939 fekk han seg arbeid på A/S Raufoss Ammunisjonsfabrikker, der han fyrst var tilsett i fabrikken og seinare arbeidde som maskinstillar og kontrollør.

Furuseth var aktiv i Arbeidarpartiet og medlem i heradsstyret i Vestre Toten i tida 1956-71. Han hadde gjennom åra ei mengd tillitsverv i Vestre Toten, i Oppland fylke og på nasjonalt nivå.

Hausten 1969 kneip Furuseth siste stortingsplassen frå Oppland fylke for Arbeidarpartiet. Sidan vart han attvald to gongar med god margin. Den fyrste fireårsperioden på Tinget var han medlem i Justiskomitéen, men etter attvalet i 1973 sat han i åtte år i Industrikomitéen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]