Rosa Parks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosa Parks med Martin Luther King Jr. rundt 1955.

Rosa Louise Parks (4. februar 191324. oktober 2005), fødd Rosa Louise McCauley, var ei afroamerikansk sydame som er tildelt ein stor del av æra for starten på masserørsla for afroamerikanarar sine rettar i USA1950- og 1960-talet.

Aksjonen[endre | endre wikiteksten]

1. desember 1955, i Montgomery i Alabama, nekta Parks å gje frå seg setet i den «farga» delen av ein buss til ein kvit mann som kravde det, fordi den «kvite» delen var full. Motivet var at ho var lei av å verta behandla som ein annanrangs borgar. Ho vart arrestert, dømd og fengsla. Ho og fleire andre blei benåda 18. april 2006 for brot mot raseskiljelovane.

Kvelden etter samla 50 leiarar i det farga miljøet seg, leia av den då ganske ukjende Martin Luther King jr., for å diskutera høvelege tiltak etter hendinga. Resultatet vart at heile det farga miljøet gjennomførte ein 381 dagar lang boikott av bussane i Montgomery, noko som førde til at eit stort tal bussar vart ståande parkerte i månadsvis; heilt til lovene som tillet segregering på offentlege kommunikasjonsmiddel vart oppheva. Denne hendinga var med på å setja i gang fleire protestar mot segregeringa.

I 1956 kom høgsteretten i USA fram til at segregering av svarte og kvite på bussar var grunnlovsstridig.

Rosa Parks og dåverande president i USA, Bill Clinton i 1996 då ho tok mot Presidential Medal of Freedom.

Bakgrunn og æresvisingar[endre | endre wikiteksten]

Parks hadde vore medlem av National Association for the Advancement of Colored People (NAACP) og aktiv i raserørsla sidan tidleg på 1950-talet, og vart etter dette eit føredøme i rørsla. Ho vart kalla Borgarrettsrørsla si mor. Rosa Parks fekk fleire æresprisar for engasjementet sitt, mellom anna Kongressen si gullmedalje i 1999 og Presidential Medal of Freedom i 1996, begge er rekna mellom dei høgaste sivile utmerkingane i USA. I 1994 fekk ho Rosa Parks fredspris i Stockholm.

I 2001 fekk ho oppkalla etter seg ein park og eit museum i Montgomery. Ho døydde 24. oktober 2005 på ein pleieheim i Michigan, og vart som den første kvinna og den andre farga personen i USA si historie lagt på paradeseng i Kongressen fram til gravferda.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]