Roti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roti (urdu روٹی, hindi रोटी, roṭī)) er eit ord på urdu og hindi som tyder 'brød'. Roti er ofte brukt som eit synonym for chapati, men chapati er eigentleg berre ein av dei mange rotiane. Europeisk (særleg engelsk) brød kan heita 'dabal roti' (dobbel roti) på både hindi og urdu.

Nan.

Det finst to slag rotiar. Det første, som inkluderer tandori roti, nan og kultja, er laga med bruk av gjær og blir baka i ein spesiel omn som heiter tandor. Det andre, som inkluderer chapati, fulka og paratha, er laga utan gjær, og blir steikt i olje, smør eller ghi på ei takke.

Kunsten å laga roti har spreidd seg med sørasiatar til andre delar av verda, til dømes Karibia. Der det er vanleg å servera kveitemjølsrotiane fylde med ein karrirett, på same måte som ein meksikansk burrito.