Urdu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Urdu
(اُردوُ)
Klassifisering: indoeuropeisk
 indoiransk
  indoarisk
   sentral sone
Bruk
Tala i: India, Pakistan og i fleire land gjennom innvandrarar (t.d. Storbritannia, USA, Saudi-Arabia)
Område: Sør-Asia
Skriftsystem: Urdualfabetet nastaliq (basert på persisk-arabisk)
Språkkodar
ISO 639-1: ur
ISO 639-2: urd
ISO 639-3: urd
Wikipedia på urdu

Urdu er eit indoeuropeisk språk av indoarisk type som hovudsakleg blir tala i Pakistan og India. Det er svært likt hindi, men blir skrive med ein tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet. Urdu er offisielt språk i Pakistan, og eitt av dei 24 nasjonale språka i India.

Slektskap[endre | endre wikiteksten]

I utgangspunktet var urdu og hindi eitt og same språk, kjent som hindustani, men dei utvikla seg i ulik retning under persisk påverknad, og seinare ved hjelp av offisiell språkpolitikk i India og Pakistan.

Skriftspråk[endre | endre wikiteksten]

Urdualfabetet er utvikla av det persiske alfabetet som igjen kjem frå det arabiske. Det blir kalla nastalíq.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Ein ghazal av Ghalib.

Urdu har ein rik munnleg litteratur, men ei kort historie som litteraturspråk ettersom dei som tala det anten var analfabetar eller brukte persisk.

I dei siste hundreåra har ein også utvikla ein skriftleg litteratur på dette språket. Den best kjende litteraturforma er ghazalen, ei diktform som omhandlar kjærleik, særleg lengt.

Ein særskild variant av urdu som blir brukt til dikting blir kalla rekhta.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.