Rubiks kube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rubiks kube når han er blanda
Rubiks kube når han er løyst

Rubiks kube er eit mekanisk puslespel som vart funne opp i 1974 av den ungarske skulptøren og arkitekturprofessoren Ernő Rubik. Det er ein plastikkube som finst i fire variantar:

  • 2x2x2 («Pocket Cube»)
  • 3x3x3 (Den originale og mest utbreidde kuben)
  • 4x4x4 («Rubik's Revenge»)
  • 5x5x5 («Professor's Cube»)

3x3x3-kuben er sett saman av 26 brikker eller terningar, og han har 9 ruter på kvar av dei 6 sidene, i alt 54 ruter. Rutene har 6 forskjellige fargar, 9 ruter i kvar farge. Ein kan flytte alle dei 26 brikkene i forhold til kvarandre, med unntak av brikkene i midten på sideflatene, som sit fast. Målet med puslespelet er å flytte på brikkene slik at kvar side vert einsfarga.

Kuben vart lansert internasjonalt i 1980, og frå då av og to år fram vart det selt over 100 millionar eksemplar på verdsbasis. Kuben oppnådde ekstrem popularitet og vart nærast allemannseige, sjølv om det berre var nokre få som greidde å løyse puslespelet.

Meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Utover 1980-talet forsvann interessa etter kvart, men i det siste har kuben blitt meir populær att. Både verds- og europameisterskap blir jamnleg arrangerte for alle som ønskjer å delta. Kategoriane ein kan melde seg på i er mellom andre:

  • 2x2x2, 3x3x3, 4x4x4, 5x5x5, 6x6x6 og 7x7x7 på tid
  • 3x3x3 på tid med føtene
  • 3x3x3 på tid med éi hand
  • 3x3x3, 4x4x4, 5x5x5 på tid i blinde
  • 3x3x3 på færrast mogleg trekk

Rekordar[endre | endre wikiteksten]

I offisielle Rubiks kube-meisterskap i å løyse 3x3x3-kuben, har kvar deltakar fem forsøk på å løyse kuben, og dei vert rangerte etter gjennomsnittet av dei tre mellomste tidene (den beste og dårlegaste tel ikkje). Kuben blir da blanda etter 5 vilkårleg genererte algoritmar som er like for alle som deltek på det spesifikke stemnet.

Det beste gjennomsnittet oppnådde Feliks Zemdegs under Melbourne Cube Day 2010, da han løyste kuben på gjennomsnittstida 7.91 sekund. Den same personen sette i mai 2011 offisiell verdsrekord for raskaste enkeltløysing av kuben med 5.66 sekund.[1][2]

Permutasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein Rubiks kube kan ha (8! × 38−1) × (12! × 212−1)/2 = 43 252 003 274 489 856 000 forskjellige posisjonar eller permutasjonar, som er den matematiske nemninga.

Dette talet kan også skrivast som: (~4.3 × 1019), eller 43 trillionar. Trass i det enorme talet på kombinasjonar, kan kuben alltid løysast på 25 eller færre trekk.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]