Runde Miljøsenter

Koordinatar: 62°24′00″N 5°39′26″E / 62.40000°N 5.65722°E / 62.40000; 5.65722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°24′00″N 5°39′26″E / 62.40000°N 5.65722°E / 62.40000; 5.65722

Runde Miljøsenter, Foto Knut Werner Alsén

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Miljøsenteret, som ligg på eit fuglefjell, øya Runde, blei offisielt opna 1. oktober 2009.

Arbeidsområde[endre | endre wikiteksten]

Den grunnleggande tanken med forskingssenteret på Runde er å etablere infrastruktur for overvaking og forsking på miljøet, samt å promotere berekraftig teknologi innan fiske, fangst og energiproduksjon. Senteret skal kunne nyttast av forskarar både frå Noreg og utlandet, og ein ynskjer å oppnå auka fokus på dei viktige havområda utanfor Møre, som er eit av dei viktigaste gytefelta i norske farvatn.

Senteret inneheld kontor, laboratorium og åtte leilegheiter for gjestande forskarar og andre. I senteret skal det òg på plass auditorium, kafé og ei informasjonsavdeling som skal vise dei store biologiske prosessane som skjer i Norskehavet og samspelet mellom miljø, klima, fugl, fisk og plankton. Det er konkrete planar om ei utstilling av Akerendam i Miljøsenteret.

Miljøbygg[endre | endre wikiteksten]

Runde Miljøsenter, Foto Knut Werner Alsén

Sidan plassen ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, har bygget det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvennleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.

Bygget skal vere energiøkonomisk og er bygt som eit «førebileteprosjekt» i samsvar med Enova sine reglar. Runde Miljøsenter vil òg ha ei sjøbu på 600 kvadratmeter brutto areal med kaianlegg på Runde hamn.

Planane for senteret har brei politisk støtte, både frå Herøy kommune, regionrådet og Møre og Romsdal fylke. Næringslivet i regionen har òg gått inn med ein større sum i prosjektet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]