Norskehavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Norskehavet

Norskehavet er ein del av Atlanterhavet som ligg mellom Nordsjøen, Grønlandshavet, Islandshavet og Barentshavet. Ein undersjøisk kant mellom Island og Færøyane markerer grensa til Atlanterhavet; i nord skil Jan-Mayen-kanten det frå Nordishavet.

Nordsjøen er fiskerik, og ein tek særleg sild, sardin og ansjos der. I tillegg starta ein å vinna ut olje og gass frå havbotnen i 1993.

I Norskehavet og Grønlandshavet søkk overflatevatnet to til tre kilometer ned til havbotnen, slik at vatnet der blir metta med oksygen. Dette vatnet går sørover i ein djup, kald straum langs norskekysten, medan ein annan straum tek kaldt vatn først sørover mot Island og sidan austover, langs polarsirkelen. Nær overflata fyller Golfstraumen Norskehavet med varmt og saltrikt vatn sørfrå, og derfor er det stort sett isfritt heile året.

I norsk petroleumsforvaltning vert grensa på sokkelen mellom Nordsjøen og Norskehavet sett ved 62°N og grensa mellom Norskehavet og Barentshavet ved 71°N. 62 grader nord er om lag ved Stad.