Runde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Runde
Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra. Foto: T. Müller
Utsikt frå Rundefjellet mot Goksøyra.
Foto: T. Müller
Geografi
Norway - Runde.png
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°23′55″N 05°37′37″EKoordinatar: 62°23′55″N 05°37′37″E
Areal 6,2 km²
Høgaste punkt Varden (332 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Demografi
Folketal 133 (2005)
Folketettleik 21 /km²

Runde er ei øy i Herøy kommune på Sunnmøre. Runde er internasjonalt kjent for fuglefjellet, men har også mykje besøk frå skattejegarar som ynskjer å finne gull- og sølv-myntar etter «Akerendam»-forliset ved øya på 1700-talet. I 2009 blei den internasjonale forskingsstasjonen Runde Miljøsenter etablert på Runde.

Innhaldsliste

Geografi [endre]

Øya Runde med brua til Remøy til høgre. (Foto Trond A. Myklebust)

Runde ligg nordvest i kommunen med busetnad i aust, og nord. Garden Runde ligg på austsida, medan Goksøyr ligg på nordsida. På Kvalneset heilt i nordvest på øya, ligg Runde fyr, oppretta i 1767 som eit av dei første i Noreg og sett i ubemanna drift i 2002. Det høgste punktet er Varden med sine 332 meter over havet søraust på øya, men Rundabranden er lettare å sjå der han stig 294 meter nesten rett opp frå havet i vest. Vegen til Runde har kome over Rundebrua frå Remøy sidan 1982. Før den tid var sjøvegen einaste måten å kome seg til Runde.

Ein havhest i flukt ved fuglefjellet på Runde. (Foto: T. Müller)

Fuglefjellet ligg på vestsida av Rundefjellet og er heim til om lag 500 000 fugl, mellom dei lundefugl, havsule, krykkje, alke og lomvi. Skarveura ligg på nordsida av øya, og her finst ein av verdas største koloniar av toppskarv. I dei bratte grasbakkane på nord- og austsida finn vi eit stadig veksende tal med havhest.

Grunnkrinsen Runde hadde 133 innbyggjarar med eit allsidig virke per 1. januar 2005. Innbyggjarane her står òg bak innsamlingsprosjektet Herøy Village. Næringslivet på Runde omfattar eit gartneri, fiskeri, jordbruk, campingturisme med tilknytta servicebedrifter, guida turar både på sjøen og til lands og ein leirskule.

I 1982 vart Runde tilknytta resten av kommunen med veg då Rundebrua vart ferdigstilt.

Historie [endre]

Hendingar

Runde har ei lang historie med mange dramatiske hendingar knytta til vêret. Fleire forlis, nokre berre nemnde i segner, andre med store skattar som er berga, førde til oppføringa av Runde fyr. Seinare, i 1880, tok ei dramatisk ulukke med mange augnevitne livet av 8 personar der dei fleste var frå Runde.

«Akerendam» [endre]

Det går segner om at eit skip i den spanske flåten, «Castillo Negro», forliste ved Runde på slutten av 1500-talet. Den nederlandske austindiafararen Akerendam gjekk i alle høve ned nord av øya like etter at det blei bygd i 1725. Skipet skulle eigentleg til Batavia (noverande Jakarta i Indonesia), men blei drive ut av kurs av ein storm i Nordsjøen. Heile mannskapet på 200 døydde, og ei mengd gull- og sølvmynter forsvann i havet. Vrakrestar og lik blei vaska opp på Runde. Sommaren 1725 henta ein ut ein del av lasta, men arbeidet blei snart gjeve opp. No og då fann rundebuane myntar frå vraket, og desse kan ha gjeve opphavet til sogene om det forliste spanske armadaskipet.

I 1972 fann sportsdykkarane Bengt-Olof Gustafsson, Stefan Persson og Eystein Krohn-Dale att vraket. Året etter blei staden undersøkt av Bergens Sjøfartsmuseum. Ein fann rundt 57 000 myntar, 6 600 av dei av gull. Ein del av dei blei tekne til sjøfarsmuseet, ein annan til Myntkabinettet i Oslo, medan dei tre dukkarane fekk to tredjedelar av skatten. 7 % av funnet gjekk til den nederlandske staten. Funnet frå Akerendam førte til ei lovendring som gjorde alle vrak eldre enn 100 år automatisk freda. Funnet er også omtala som Rundeskatten.

«Arisan» [endre]

I 1992 vart fuglebestanden truga då malmskipet MS «Arisan» lak fleire tonn med tungolje etter det gjekk grunn på skjeret Geitmaren og forliste. Skipet vart liggande til det brotna i to og gjekk ned.

Forsking [endre]

«Runde Miljøsenter» [endre]

Runde Miljøsenter, Foto: Knut Werner Alsén

Runde Miljøsenterer ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Senterbygget vart opna 1. oktober 2009. Sidan plassen ligg i eit freda og svært sårbart naturområde, vart senteret bygd med det fremste innan miljøteknologi, med fokus på miljøvennleg bygningsmateriale, energieffektivitet, vass-sparing og gjenbruk av eige avfall og avløpsvatn.

Turistinformasjon [endre]

«Runde Turistinformasjon» [endre]

Runde Turistinformasjon held til like ved hamna på Runde, og er ope i sommarhalvåret. Her kan besøkjande få informasjon om øya Runde, Herøy kommune og regionen. Runde turistinformasjon gjev opplysningar om vêret og tips om vidare reiserute.

Runde som slektsnamn [endre]

Det er 271 personar som har Runde som slektsnamn i Noreg per mars 2005.

Kjende namneberarar [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Runde