Rune Bjerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rune Bjerke (2009)
Foto: Kjetil Ree

Rune Bjerke (fødd 17. juni 1960) er ein norsk arbeidarpartipolitikar og næringslivsleiar.

Bjerke har eksamen i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo og ein mastergrad i Public Administration (MPA) frå Harvard University. Han har tidlegare vore finansbyråd i Oslo kommune, rådgjevar i Olje- og energidepartementet, direktør i Scancem og konsernsjef i Hafslund ASA. Han tiltredde som konsernsjef i DnB NOR 1. januar 2007.

Han er son av LO-økonom Juul Bjerke og bror til tidlegare miljøvernminister Siri Bjerke. Bjerke er gift med statssekretær Libe Solberg Rieber-Mohn. Bjerke er ein nær ven av Jens Stoltenberg, og var forlovar i bryllaupet hans.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.