Siri Bjerke
Siri Bjerke (19. juni 1958–11. februar 2012) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant på Stortinget og sat som miljøvernmninister, og deretter hatt leiande stillingar i Næringslivets Hovedorganisasjon og Innovasjon Norge.
Bjerke vart fødd i Oslo. Ho tok grunnfag i psykologi frå Universitetet i Oslo.
Siri Bjerke var varerepresentant på Stortinget for Oslo i periodane 1997-2001 og 2001-2005. Ho var statssekretær i Utanriksdepartementet i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering og Thorbjørn Jagland si regjering.
Frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 var Bjerke statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Jens Stoltenberg si første regjering.
I perioden 2002-2005 var Bjerke direktør for næringspolitikk i Næringslivets Hovedorganisasjon. Frå 2005 arbeidde ho som divisjonsdirektør i Innovasjon Norge.
Bjerke døydde i 2012 etter lang tids kreftsjukdom. [1]
Kjelde [endre]
Fotnote [endre]
| Norske miljøvernministrar | |
|---|---|
| Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012- ) |