Ryukyuøyene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryukyuøyene
øygruppe
Land  Japan
Kart
Nanseiøyene
26°19′58″ N 127°44′57″ E
Wikimedia Commons: Nansei Islands

Ryukyuøyene (japansk 琉球列島, Ryūkyū-rettō, eller 南西諸島, Nansei-shotō) er ei japansk øygruppe som ligg i ein boge frå Kyushu, den sørlegaste av dei japanske hovudøyene, til Taiwan. Øyene dannar ei grense for det grunne Austkinahavet mot det mykje djupare havet på austsida. Den største av dei er Okinawa.

Dei nordlegaste øyene i gruppa høyrer til Kagoshima prefektur, medan dei sørlege øyene utgjer Okinawa prefektur.

Dei opphavlege øybuarane talte fleire ryukyuspråk som er i slekt med japansk, men ikkje gjensidig eller nødvendigvis innbyrdes forståelege.

I eldre tid var øyene eit eige kongedøme, men dei blei etter kvart eit lydrike under både Kina og Japan. I 1879 annekterte Japan øyene, og innførte eit brutalt styresett som undertrykte den opphavlege kulturen. Etter andre verdskrigen okkuperte USA prefekturet Okinawa fram til 1972, då Japan igjen fekk herredøme over heile øygruppa. Det finst likevel framleis amerikanske militærbasar på Okinawa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]