Okkupasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den tyske okkupasjonen av Polen under den andre verdskrigen var særs blodig. Her står tyske soldatar bak fleire drepne polske bønder.
Kashmir er eit område både India og Pakistan gjer krav på. Dei indisk-styrte delane er kjende som «Indisk-okkupert Kashmir» i Pakistan, medan dei pakistansk-styrte delane blir kalla «Pakistansk-okkupert Kashmir» i India.

Okkupasjon er eit omgrep i folkerett som viser til ein tilstand der eit land hærset eit anna land, eller ein del av det, og kontroller det utan å ta suverenitet over landet. Okkupasjon kan dimed skiljast frå annektering, det landet som annekterer tek suvereniteten. I moderne tid er omgrepet òg brukt om ein tilstand der eit land hevdar suvereniteten utan at andre land går god for det. På folkemunne er ordet òg brukt i samband med tilstandar der eit land har teke kontroll over eit anna på ein måte som ein reknar som urettferdig.

Okkupasjon innan internasjonal lov[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt var det ingen grenser for kva okkupasjonsmakta kunne gjera i eit okkupert land som ein kunne handheva. Ein les til dømes i eit brev skrive av Napoleon etter han hærtok Napoli:

«Brenn ned ei tylft landsbyar som ikkje overgjev seg. Men sjølvsagt ikkje før du har plyndra dei. Soldatane mine kan ikkje dra sin veg med tomme hender.»

Fleire juristar mælte mot ei slik uavgrensa makt, og sa at det var umenneskeleg. Frå midten av 1800-talet byrja europeiske land å koma med reglar som fastsette kva ansvar ei okkuperande krigsmakt hadde, og kva retter eit okkupert folk hadde. Etter Landkrigsreglementet i 4. Haagkonvensjon frå 1907 er okkupasjon ei militær maktovertaking utanfrå som uansett grunn medfører visse rettar og visse plikter. Av pliktene kan nemnast ansvar for sikkerheita til befolkninga, og forsyningar av grunnleggjande varer og tenester. Det er ikkje lov for okkupasjonsmakta etter folkeretten til dømes å drive med kollektiv avstraffing av sivilfolket, endre det økonomiske systemet i det okkuperte området eller annektere det, det vil seie innlemme det permanent i eigen stat.

Alle okkupasjonar som er resultat av åtakskrig er elles i strid med folkeretten i seg sjølve.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kart over Vestsahara, som blei okkupert av Marokko i 1975.

Nokre av dei mest omstridde okkupasjonane i dag (2005) er den kinesiske okkupasjonen av Tibet, den israelske okkupasjonen av palestinske område tatt i 1967 og den i hovudsak amerikansk-britiske okkupasjonen av Irak. Den syriske okkupasjonen av Libanon er nyleg (2005) avslutta ved at dei syriske styrkane trekte seg ut. Ein av dei «gløymde» okkupasjonane er den marokkanske okkupasjonen av Vest-Sahara.

Noreg var okkupert av Nazi-Tyskland frå 9. april 1940 til 8. mai 1945. I 2001 byrja USA og fleire NATO-land, mellom dei Noreg, ein okkupasjon av Afghanistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Eyal Benvenisti, The International Law of Occupation (Princeton University Press, Princeton: 2004)
  • Karma Nabulsi, Traditions of War: Occupation, Resistance and The Law (Oxford University Press, Oxford: 1999)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Okkupasjon