Ságat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ságat er ei norskspråkleg samisk avis som blir utgjeven i Finnmark. Stadfest nettoopplag i 2002 var 2 427.

Avisa vart grunnlagd i Vadsø i 1956, men flytte i 1981 til Lakselv, der hovudkontoret ligg i dag. Sjefredaktør har sidan 1978 vore Geir Wulff.

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

Samisk avis AS/Sámiid áviisa AS er eit aksjeselskap. 51 nordnorske kommunar og fylkeskommunar eig tilsaman ca. 47 %, samiske kulturorganisasjonar ca. 10 %, mens dei øvrige 43 % blir eigd av tilsaman ca. 600 småaksjonærar mellom anna lokale bondelag, sauealslag, fiskarlag og dei fleste politiske partia. Den største aksjeeigaren er Porsanger kommune som eig 40 %, deretter Samenes landsforbund som eig 6 % og Sámi Dálulaččaid Searvi med 4 %.

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 2 379
2001 2 425
2002 2 427
2003 2 507
2004 2 501
2005 2 407
2006 2 523
2007 2 717
2009 2 728
2010 2 732

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2002-2004, 2005-2006, 2006-2007 2009-2010 Netto opplag for aviser knytte til Landslaget for Lokalaviser (LLA). Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.