Vadsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vadsø
By
Vadsø
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vadsø
Areal 3,36 km²
Folketal 4 654  (2023)
Folketettleik 1 385 / km²
Postnummer 9800 VADSØ
Innbyggjarnamn vadsøværing
Preposisjon i Vadsø
Kart
Vadsø
70°4′0″ N 29°45′0″ E
Wikimedia Commons: Vadsø (town)

Vadsø er ein by og administrasjonssenteret i Vadsø kommune i Finnmark. Byen ligg på Varangerhalvøya, på nordsida av Varangerfjorden. Vadsø har hatt bystatus sidan 1833, og er administrasjonssentrum i Finnmark. Det bur om lag 5100 menneske i byen, om lag 83 % av folketalet i kommunen.

Avisa Finnmarken kjem ut i Vadsø seks dagar i veka.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen hadde stor innvandring frå Finland på 1800-talet, og innvandringa synest tydeleg i dag gjennom finsk kultur og mange finske etternamn blant innbyggjarane. Vadsø blir difor ofte omtala som «kvenhovudstaden».

Vadsø Sildoljefabrikk la ned produksjonen i 2009.[1]

Før hadde NRK Finnmark sete i byen.[1]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

«54 prosent av de sysselsatte i Vadsø» var per 2016 «ansatt i offentlig sektor. Fjerde høyest i landet», skreiv NRK i 2018.[1]

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Vadsø har hurtigruteanløp.

Vadsø lufthamn ligg i Kiby, rett aust for byen. Widerøe flyg til Tromsø, Alta og Kirkenes. I tillegg er det daglege avgangar til Båtsfjord, Berlevåg, Mehamn, Honningsvåg og Hammerfest.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Lars Nehru Sand (25. februar 2018). «Finnmarksopprøret». NRK.