Sølvi Meinseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølvi Meinseth


Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. mars 1967 (57 år)
Rykene
Idrett friidrett

Sølvi Meinseth (fødd Sølvi Olsen27. mars 1967) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Rykene i Aust-Agder. Ho vann til saman 20 gullmedaljar på sprintdistansane 100 m, 200 m og 400 meter under noregsmeisterskapane i tida 1985-95. Hennar noregsrekord på 400 m frå 1991 på tida 52,45 sekundar gjeld framleis, 25 år seinare. Ho var medlem i Lia til 1984, sidan Sørild FIK 1985-86, Gular 1987-90 og SK Vidar 1991-94. Frå 1995 var ho tilbake i Sørild.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sølvi Olsen vann si fyrste NM-medalje som 16-åring i 1983, ho fekk då sølv på 100 meter, hakk i hæl med Mona Evjen, norsk sprintdronning gjennom eit lite tiår. To år seinare hadde Olsen stor framgang på 200 m og med tida 23,97 vart ho den andre norske kvinna under 24 sekundar på distansen.

Frå 1985 til 1995 vann Olsen heile 20 individuelle NM-titlar. Flest gullmedaljar, ni i talet, tok ho på 200 meter, medan ho vann seks gull på 100 m og fem på 400 m. Ho vart trippelvinnar i noregsmeisterskapane 1991 og 1993.

Olsen var i sitt livs form sommaren 1991. Gjennom vel to veker sette ho alle sin personlege rekordar i sprint. Det starta med 11,61 sekundar på 100 m den 21. juli i Sheffield, heldt fram med 23,41 på 200 m tre dagar seinare same staden, og vart avslutta den 4. august 1991 på Fana stadion med 52,45 sekundar på 400 meter, den siste tida er norsk rekord i 2016.

Hennar internasjonalt beste resultat kom då ho nådde semifinalen på 400 meter i europameisterskapen 1994 i Helsinki, og i semifinalane hadde best tid av dei som ikkje fekk finaleplass.

Noregsmeister[endre | endre wikiteksten]

  • 100 meter: 1986, 1988, 1989, 1990, 1991 og 1993
  • 200 meter: 1985, 1986, 1989, 1990, 1991, 1992, 1993, 1994 og 1995
  • 400 meter: 1991, 1992, 1993, 1994 og 1995

Prestasjonar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1986 i Stuttgart: Utslått i forsøka på 100 m (nr 22 – 11,89) og 200 m (nr17 – 24,46)
  • VM 1991 i Tokyo: Utslått i semifinalane 400 m (nr 16 – 53,63)
  • EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 400 m (nr 9 – 52,60)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]