Søråsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Søråsen er eit fjellområde i den søraustlege delen av Gol kommune, ved grensa mot Sør-Aurdal og Nes. I nord ligg Nystølsfjellet med Nystølsvarden som høgaste punkt (1296 moh), og i sør ligg Vardefjell (1182 moh). Nystølsvarden er høgaste punkt i Gol med utsikt til Norefjell i sør, Hallingskarvet og Reineskarvet i vest og Jotunheimen i nord. Andre fjellområde på Søråsen er Holtelifjellet (1152 moh) og Raudalsfjellet (1205 moh). Andre fjelltoppar er Eidefjell med Søthaugberget (1169 moh), Meitebekkfjellet (1241 moh), Bergaleinnatten (1138 moh), Kyrkja (1063 moh), Nøsen (1086 moh) og Røggenatten (1130 moh).

Av fiskevatn er Myklesjøen (968 moh), Grøsetvatnet (904 moh), Kroktjern (962 moh), Røggjin (970 moh), Andsjøen (882 moh), Raudalsvatnet (921 moh), Store Grevsjøen (1053 moh) og Høvren (820 moh) av dei største fiskevatna med sik og aure. Nordåsen er det lokale namnet på det som ofte vert rekna som Golsfjellet, og kjende hotell som Storefjell, Oset, Kamben, Guriset, Hallingen, og Ørterstølen. Søråsen er den høgastliggande del av Gol og meir tilbaketrekt med hytter og tradisjonsrike stølslag. På Søråsen finst gamle stølslag som Eivindli, Holt, Vestreli, Frøysoksstølan, Vassvollstølan, Nystølen, Raudalen, Høvresli, Andsjaustølan og Røggjin.