Sørmarka kurssenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sørmarka. Per Palle Storms statue av Martin Tranmæl står framfor bygningen.

Sørmarka, òg kjend som LO-skulen, er namnet på eit kurs- og konferansesenter i nærleiken av Ski i Nordre Follo kommune i Akershus fylke. Kurssenteret har namn etter skogsområdet Sørmarka, som det ligg i utkanten av.

Sørmarka vart opphavleg bygd i 1939 som eit senter for den interne opplæringa innanfor arbeidarrørsla, med mellom andre Haakon Lie som initiativtakar. Utbygginga av skulen vart kosta av Landsorganisasjonen. Talet på fagorganiserte hadde tredobla seg i løpet av 1930-åra, Arbeiderpartiet hadde vunne regjeringsmakt, og det vart trong for auka kompetanse hjå medlemane, som for det meste berre hadde folkeskuleutdanning.

Sørmarka vert no drive som eit konferansehotell, og i sommarsesongen som eit sommarhotell eller familiehotell.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]