Akershus fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Akershus» omdirigerer hit. For festningsanlegget i Oslo, sjå Akershus festning.
Akershus fylke
Våpen Kart
Adm.senter Oslo
Areal 4 918 km²
Folkemengd 566 399 (1. januar 2013)
Folketettleik 122,6 /km²
Nettstad www.akershus.no
Politikk
Fylkesordførar Nils Aage Jegstad, H (2007—)
Fylkesmann Valgerd Svarstad Haugland
(felles for Oslo og Akershus)
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Akershus fylke.svg
Akershus fylke på Commons

Akershus fylke er eitt av 19 fylke i Noreg. Det grensar til Hedmark i nord, Oppland i nord-vest, Buskerud i vest, Oslo i sør-vest og Østfold i sør-aust. I aust grensar fylket til Värmlands län i Sverige.

Akershus er samansett av to åtskilde delar, skilde frå kvarandre av fylket Oslo og av Indre Oslofjord. Mellom dei to fylka Oslo og Buskerud dannar dei to kommunane Asker og Bærum til saman ein eksklave i vest, «Vestregionen», som vanlegvis vert omtala med fellesnemninga Asker og Bærum. Aust og sør for Oslo ligg regionane Romerike og Follo.

Innhaldsliste

Akershus og Oslo [endre]

Akershus som fylke er nært knytt til Oslo. Så nær er tilknyttinga at administrasjonen ligg i Oslo. Fylkeskommunen held til i «Galleriet», same bygg som hovudbusstasjonen i Oslo. Gamle Aker herad var ein del av Akershus fylke og omfatta inntil 1. januar 1948 store delar av det noverande Oslo. Aker herad var sokna Ullern, Vestre Aker, Østre Aker og Nordstrand. Vestre Aker strekte seg heilt inn i sentrum av byen, til Studenterlunden. Etter kvart kan store delar av Akershus reknast inn i eit Stor-Oslo.

Historie [endre]

Akershus len blei oppretta på 1500-talet og femna attåt det som er Akershus i dag også det som i dag er Hedmark Oppland, Buskerud og Oslo. I 1662 blei Akershus amt oppretta, og i 1685 blei Buskeruds amt skilt ut som eige amt. I 1768 blei Hedmark og Oppland skilt ut til Oplandenes amt, og daverande Christiania blei skilt ut frå Akershus i 1842. 1. januar 1919 fall nemninga amt bort og blei erstatta med nemninga fylke.

Namn og symbol [endre]

Namnet på Akershus fylke kjem opphavleg frå Akershus festning. Ordet «Akershus» er samansett av det norrøne ordet akr som tyder åker, og hús i tydinga borg eller kastell.

Våpenet til Akershus fylke synar ein trappegavl i sølv på blå bakgrunn, der trappegavlen er basert på konturen av Akershus festning. Det er teikna av Finn Fagerli og blei fastsett under kongeleg resolusjon 11. desember 1987.[2]

Kommunar [endre]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0211 Vestby kommune Vestby Vestby 000000000015139.000000000015 139 134 Bokmål Follo
0213 Ski kommune Ski Ski 000000000028937.000000000028 937 166 Nøytral Follo
0214 Ås kommune Ås Ås 000000000017337.000000000017 337 103 Nøytral Follo
0215 Frogn kommune Frogn Drøbak 000000000015127.000000000015 127 86 Bokmål Follo
0216 Nesodden kommune Nesodden Nesoddtangen 000000000017816.000000000017 816 61 Bokmål Follo
0217 Oppegård kommune Oppegård Kolbotn 000000000025479.000000000025 479 37 Bokmål Follo
0219 Bærum kommune Bærum Sandvika 000000000114390.0000000000114 390 192 Bokmål Vest
0220 Asker kommune Asker Asker 000000000056479.000000000056 479 101 Bokmål Vest
0221 Aurskog-Høland kommune Aurskog-Høland Bjørkelangen 000000000014867.000000000014 867 962 Bokmål Nedre Romerike
0226 Sørum kommune Sørum Sørumsand 000000000016064.000000000016 064 207 Nøytral Nedre Romerike
0227 Fet kommune Fet Fetsund 000000000010643.000000000010 643 176 Bokmål Nedre Romerike
0228 Rælingen kommune Rælingen Fjerdingby 000000000016151.000000000016 151 72 Nøytral Nedre Romerike
0229 Enebakk kommune Enebakk Kirkebygda 000000000010470.000000000010 470 233 Bokmål Follo
0230 Lørenskog kommune Lørenskog Kjenn 000000000033799.000000000033 799 71 Nøytral Nedre Romerike
0231 Skedsmo kommune Skedsmo Lillestrøm 000000000049661.000000000049 661 77 Bokmål Nedre Romerike
0233 Nittedal kommune Nittedal Rotnes 000000000021413.000000000021 413 186 Bokmål Nedre Romerike
0234 Gjerdrum kommune Gjerdrum Ask 000000000006168.00000000006 168 83 Bokmål Øvre Romerike
0235 Ullensaker kommune Ullensaker Jessheim 000000000031003.000000000031 003 252 Bokmål Øvre Romerike
0236 Nes kommune Nes Årnes 000000000019447.000000000019 447 637 Bokmål Øvre Romerike
0237 Eidsvoll kommune Eidsvoll Eidsvoll 000000000021606.000000000021 606 457 Bokmål Øvre Romerike
0238 Nannestad kommune Nannestad Teigebyen 000000000011374.000000000011 374 341 Bokmål Øvre Romerike
0239 Hurdal kommune Hurdal Torget i Hurdal 000000000002663.00000000002 663 285 Bokmål Øvre Romerike
Totalt Akershus fylke Akershus Oslo 000000000566399.0000000000566 399 000000000004918.00000000004 918 Nøytral Akershus

Tettstader [endre]

Det er fire byar i fylket, Drøbak, Lillestrøm, Ski og Sandvika. Både Lillestrøm og Sandvika høyrer med til tettstaden Oslo.

Klima [endre]

Akershus har eit kontinentalklima, men Mjøsa og Oslofjorden dempar og forseinkar vinterkulda i nærliggande område. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring -4 °C nær Oslofjorden til kring -8 °C dei skjerma nordlege områda. Juli er den varmaste månaden med ein middeltemperatur på 15-17 °C, høgast i låglandet kring Oslofjorden, som er den høgaste middeltemperaturen i heile landet.

Dei lågtliggande områda får under 700 mm nedbør i året, medan dei høgaste åsane kan få opp mot 1200 mm. Mars er den tørraste månaden med 30-40 mm, medan august gjerne er den våtaste månaden med over 100 mm fleire stader.

Mjøsa, Vorma og Oslofjorden er av dei mange fuktkjeldene i fylket som gjer at det vert relativt mykje tåke. Mest tåke er det om hausten og tidleg på vinteren og årsmiddelet i låglandet er 3-6 %.

Kjelder [endre]

Referansar [endre]

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
  2. Akershus fylkeskommune - Fylkesvåpenet. Vitja 1. januar 2010.
  3. Akershus fylkeskommune - Fylkesblomst. Vitja 1. januar 2010.
  4. Akershus fylkeskommune - Fylkesstein. Vitja 1. januar 2010.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Akershus fylke