SOV-språk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

SOV-språk, eller Subjekt-Objekt-Verb-språk, er innanfor lingvistisk typologi gruppa av språk som i nøytrale setningar har subjekt, objekt og verb i nett den rekkjefølgja. Eg fisk et ville ha vore ei SOV-setning på norsk.

SOV er den vanlegaste setningstypen i verdas språk. SOV-språk er t.d. alle dei tyrkiske språka, japansk og koreansk og tamil.

I tidlegare språksteg var germansk også SOV, som vi ser i urgermansk Ek HlewagastiR horna tawido («Eg Hlegjest horn gjorde»), som vi finn i runeinnskriftar.

SOV-språk har andre karakteristiska. Dei har postposisjonar heller enn preposisjonar, dei har adjektiv før substantivet dei modifiserer, og dei plasserer relativsetningane før substantiva dei viser til.