Saint-Maurice i Sveits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Maurice
St-Maurice-Strasse.jpg
Kommunevåpenet til Saint-Maurice
Kommunevåpenet til Saint-Maurice


Plassering
Saint-Maurice i Sveits is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Valais
Distrikt Saint-Maurice
Språk fransk
Geografi
Flatevidd
 - kommune

7,0 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

4 191
  598,7 /km²
Koordinatar 46°13′0″N 7°0′0″EKoordinatar: 46°13′0″N 7°0′0″E
Høgd over havet 414 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1890
Nettstad: www.saint-maurice.ch

Saint-Maurice eller Saint-Maurice-en-Valais, er ein kommune og distriktshovudstad i Saint-Maurice i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 4 191 innbyggjarar (2010) og eit areal på 7 km². Kommunesenteret ligg 414 meter over havet.

I romartida låg utposten Agaunum her og i mellomalderen St. Maurice kloster, som har vorte ein kjend høgskule i Sveits (Collège de Saint-Maurice).

Saint-Maurice ligg ved inngangen til ein fjellovergang til den øvre delen av Rhônedalen. Byen har derfor ei strategisk plassering og det vart bygt forsvarsverk her på 1400-talet for å kontrollere passet. Saint-Maurice festning vart bygd i dei omliggande fjellsidene frå 1880 til 1995.[1]

Kommunen består av byen Saint-Maurice og grendene Epinassey og Les Cases.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moret, J.-C.. «Le secteur central de St Maurice - Le concept» (på fransk). Association Fort de Litroz. http://www.fortlitroz.ch/index.php?page=s48. Henta 22. mars 2012. 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Saint-Maurice i Sveits