Sally Ride
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sally Kirsten Ride (fødd 26. mai 1951) er ein tidlegare amerikansk astronaut. I 1983 vart ho den første amerikanske kvinna i verdsrommet. Det hende på STS-7 om bord i romferja Challenger. Før det hadde Sovjetunionen alt sendt ut to kvinnelege kosmonautar, Valentina Tereshkova i 1963 og Svetlana Savitskaya i 1982.
Ride har som den einaste personen vore med i underøkingskommisjonane for både Challenger og Columbia ulykkene.