Samnaunfjella
| Samnaunfjella | |
| Fjellkjede | |
| Land | |
|---|---|
| Statar | Tirol, Graubünden |
| Del av | Dei sentrale Alpane |
| Grensar til | Verwall, Silvretta, Sesvennafjella, Ötztal-Alpane |
| Høgaste punkt | Muttler |
| - høgd | 3 293 moh |
| - koordinatar | |
Samnaunfjella er eit fjellområde i Aust-Alpane, på begge sider av grensa mellom Austerrike og Sveits. Den austerrikske delen ligg i forbundslandet Tirol og den sveitsiske delen i kantonen Graubünden. Høgste toppane er vel 3 000 meter høge. Fleire større vintersportsstader ligg i Samnaunfjella. Fjellområdet har namn etter den sveitsiske landsbyen Samnaun, som ligg i den einaste bebygde dalen i området.
Innhaldsliste |
Tilgrensande fjellområde [endre]
Samnaunfjella grensar mot fylgjande fjellområde i Alpane:
- Lechtalfjella i nord
- Ötztalfjella i aust
- Sesvennafjella i sør
- Silvretta i vest
- Verwallfjella i nordvest
Avgrensing [endre]
I nord dannar dalen Paznaun med elva Trisanna grense frå Ischgl til Wiesberg. Derifrå går grensa langs bielva Sanna vidare til Landeck i Tirol. Mot aust og søraust dannar elva Inn grense frå Landeck oppover langs elva til innløpet frå bielva Brancla. I sørvest går grensa oppstraums langs Brancla til dalen Val Sinestra, og vidare gjennom Val Chöglias til Fimberpasset. Derifrå går det nedover dalen Fimbertal til Heidelberger Hütte. I vest er Fimbertal grense mot Ischgl oppover dalen til Heidelberger Hütte.
Fimberpasset er overgang mellom Samnaunfjella og Silvretta.
Høgste fjelltoppane [endre]
| Namn | Høgd (moh) |
|---|---|
| Muttler | 3 294 |
| Stammerspitze | 3 254 |
| Piz Mundin | 3 146 |
| Clucher dal Mundin | 3 120 |
| Piz Rots (Vesilspitze) | 3 097 |
| Vesulspitze | 3 089 |
| Piz Malmurainza | 3 038 |
| Hexenkopf | 3 035 |
| Sulnerspitz | 3 034 |
| Bürkelkopf | 3 033 |
| Furgler | 3 004 |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Samnaungruppe» frå Wikipedia på tysk, den 27. mars 2010.