Trondheim lufthamn, Værnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Trondheim lufthavn, Værnes

Trondheim Airport 1.jpg

IATA: TRDICAO: ENVA
Oversyn
Flyplasstype Sivil/militær
Eigar Avinor
Operatør Avinor
Høgd  17 moh


Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
09/27 8855/8412 2699/2564 Asfalt
13/31 4771 1454 Asfalt
18/36 ca. 4300 ca. 1300 Asfalt
Statistikk (2007)
Passasjerar 3406281
Flyrørsler 54954
Frakt 6 672 tonn

Trondheim lufthamn, Værnes er hovudflyplassen i Trøndelag og ligg i Stjørdal kommune ved Stjørdalshalsen i Nord-Trøndelag fylke, om lag 35 km aust for Trondheim. Flyplassen er ein viktig regional flyplass som tener Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. I tillegg er flyplassen eit viktig nav for flygingar frå Namdalen og Helgeland. Flyplassen er eigd og driven av Avinor i samarbeid med Luftforsvaret.

Før 2006 var Værnes den tredje største flyplassen i Noreg,[1] med 44 589 sivile flyrørsler og 2 935 799 passasjerar i 2005 (derav 118 345 var charterpassasjerar), men er no den fjerde største forbigått av Stavanger lufthamn. Fire flyselskap tilbyr innanriksflygingar til 17 destinasjonar mens fire flyselskap tilbyr 13 internasjonale destinasjonar, inkludert fleire daglege avgangar til Amsterdam og København. Charterflygingar er regelmessig tilbode til ytterlegare 12 destinasjonar. Ein god del av innanlandstrafikken kjem frå rolle Værnes har som regional nav for Namdalen og Helgeland, med fleire flygingar med Dash 8 fly operert av Widerøe. Likevel er den viktigaste ruta den til Oslo, som har cirka 25 daglege avgangar med Boeing 737-fly. Denne ruta kjem også på 5. plass på lista over dei mest travle rutene i Europa, målt i talet flyrørsler.

Flyplassen er delt inn i to terminalar. Innanriksterminalen terminal A vart opna i 1994, og er utstyrt med flybruer. Den gamle terminalen, som vart opna i 1982, har vorten døypt om til terminal B og er brukt til internasjonale flygingar. Denne vart renovert i 2005 og har no ein stor taxfree-butikk. Kapasiteten er tidvis sprengt i denne terminalen, men Avinor har likevel valt å prioritere utbyggingar på Flesland lufthamn og Gardermoen lufthamn framfor Værnes.

Lokalisert saman med flyplassen finst hovudbasen til Heimevernet for Trøndelag, tidlegare LFS (Luftforsvarets Skolesenter Værnes) og enda tidlegare enn det Værnes Flystasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Militæraktiviteten på Værnes starta i 1887 da hæren kjøpte Værnes Gård og konverterte han til ein militærforlegning. Den 26. mars 1914 letta det fyrste flyet, ein militær Maurice Farman MF-7 «Longhorn». Dei fyrste tre permanente flya vart stasjonert her i 1919, i 1920 vart den fyrste hangaren bygd, og i 1922 vart radioutstyr installert.

Under andre verdskrig okkuperte den tyske invasjonshæren Noreg den 9. april 1940, og Luftwaffe okkuperte Værnes med liten motstand. Dei tyske styrkane begynte straks å betre lufthamna, og innan nokre få veker hadde dei bygd ein ny rullebane. Innan 1942 hadde dei konstruert tre betongrullebanar, den lengste var 1.620 meter, i tillegg til fleire hangarar, bunkerar og luftvernstillingar, totalt meir enn 100 bygningar. Eit tjuetals førkristne gravhaugar vart fjerna for å gje plass til utvidingane.[2] På det meste var det stasjonert 2 000 tyske soldatar og 2 000 norske arbeidarar på Værnes under andre verdskrig. Etter den tyske kapitulasjonen 8. mai 1945 trekte Luftwaffe seg ut av Værnes.

Etter krigen vart flyplassen opphavleg gjeven til Royal Air Force, men dei trekte seg raskt attende og overlét han til Luftforsvaret. Fleire skadronar, av dei 332, 331 og 337, var stasjonert på Værnes i etterkrigsåra. I 1952 vart Luftforsvarets Flygeskole flytta til Værnes, men i 1954 stod nye Ørland Hovudflystasjon klar, slik at mesteparten av luftforsvaret flytta dit.

Trass i at Heimdal var den opphavlege ynskte plassen for ein sivil trøndersk flyplass, vedtok styresmaktene i 1951 at den sivile flyplassen skulle verte bygd på Værnes. I tillegg stødde NATO utbygginga av den militære delen av flyplassen. Den nye flyplassen stod ferdig den 21. oktober 1961. Etter dette auka den sivile trafikken gradvis, mens den militære var konstant.

Før krigen hadde Det Norske Luftfartsselskap, forløparen til DNL, Scandinavian Airline Systems floge sjøflyruter til Ilsvika og Jonsvatnet med Junkers Ju 52ar. Etter krigen gjekk DNL over til å fly til Hommelvika Hamn. I 1947/48 prøvde DNL seg med flygingar til Oslo med Douglas DC-3 Dakotaer, men fyrst i 1952 begynte SAS å fly til Værnes att. Braathens S·A·F·E starta til å begynne med flygingar til grasrullebanen på Lade i 1953, men flytta i 1956 til Værnes.

Ein ny terminalbygning stod ferdig i 1965, men snart vart det kapasitetsproblem, hovudsakleg på grunn av nye charterflygingar til Syden. På slutten av 1970-talet vart ein ny taxibane bygd, og i 1982 opna enda ein ny terminal. Men denne vart også snart for liten, og den nye terminal A opna i 1994, saman med ein ny taxibane i 1999. Utanriksflygingar vert no flogne frå den gamle terminalen, som no heiter terminal B, og som vart renovert i 2005. Eit nytt tårn vart teke i bruk i 2005. Etter fleire tiår med duopol på ruta til Oslo mellom SAS og Braathens SAFE, startea lågprisselskapet Color Air flygingar til Oslo i 1998. Dette førte til ein særs aggressiv priskrig mellom aktørane, med oppimot 50 daglege avgangar kvar veg mellom dei to byane, noko som gjorde ruta til ein av dei ti største innanriksrutene i Europa. Color Air gjekk snart konkurs, og nokre år seinare kjøpte SAS Braathens, som fusjonerte til SAS Braathens. I 2003 begynte Norwegian Air Shuttle å konkurrere på den same ruta.

Flyselskapar og destinasjonar[endre | endre wikiteksten]

Rullebane 09
Terminal A - Nivå 2
Erhard Milch på Værnes, 23. april 1940
McDonnell Douglas MD-82 fra SAS.
Foto: Adrian Pingstone
Dash 8 fra Widerøe.
Foto: David Parleur

Innland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjoner
Flag of Denmark.svg Danmark Danish Air Transport Moss
Flag of Finland.svg Finland Blue1 på vegne av SAS Oslo
Flag of the Netherlands.svg Nederland AIS Airlines på vegne av Krohn Air Molde, Ålesund
Flag of Norway.svg Noreg Norwegian Air Shuttle Bergen, Oslo, Sandefjord, Harstad/Narvik, Tromsø,
Flag of Norway.svg Noreg Scandinavian Airlines Bergen, Bodø, Oslo, Stavanger, Tromsø, Ålesund
Flag of Norway.svg Noreg Widerøe Bodø, Brønnøysund, Harstad/Narvik, Kristiansand, Kristiansund, Mo i Rana, Molde, Mosjøen, Namsos, Rørvik, Sandefjord, Sandnessjøen, Tromsø

Utland[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjoner
Flag of Iceland.svg Island Icelandair Reykjavík
Flag of Estonia.svg Estland Estonian Air Tallinn
Flag of Finland.svg Finland Blue1 på vegne av SAS Stockholm-Arlanda, København, Helsinki
Flag of Sweden.svg Sverige Braathens Aviation på vegne av SAS Stockholm-Arlanda
Flag of Denmark.svg Danmark Cimber A/S på vegne av SAS København
Flag of the Netherlands.svg Nederland KLM Cityhopper på vegne av KLM Amsterdam
Flag of the Netherlands.svg Nederland KLM Amsterdam
Flag of Germany.svg Tyskland Lufthansa CityLine på vegen av Lufthansa Frankfurt
Flag of Germany.svg Tyskland Lufthansa Frankfurt
Flag of Norway.svg Noreg Norwegian Air Shuttle Alicante, Málaga, Murcia, Las Palmas, Berlin-Schönefeld, København, London-Gatwick, Nice, Split, Dubrovnik, Antalya, Riga, Krakow, Korfu
Flag of Norway.svg Noreg Scandinavian Airlines Alicante, Barcelona, Málaga, Madrid, Palma de Mallorca, Stockholm-Arlanda, København, Nice, Split, Dubrovnik
Flag of Hungary.svg Ungarn Wizz Air Gdansk, Vilnius

Charter[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjoner
Flag of Norway.svg Noreg Norwegian Air Shuttle Antalya, Burgas, Chania, Rhodos, Tenerife, Las Palmas, Palma de Mallorca
Flag of Norway.svg Noreg Scandinavian Airlines Antalya, Larnaka, Burgas, Rhodos, Chania, Karpathos, Kos, Santorini, Sharm el-Sheikh,Dalaman, Alicante, Palma de Mallorca, Lanzarote, Las Palmas, Tenerife, Split
Flag of Turkey.svg Tyrkia Tailwind Airlines Antalya
Flag of Turkey.svg Tyrkia SunExpress Antalya, Izmir
Flag of Turkey.svg Tyrkia Corendon Airlines Antalya
Flag of Turkey.svg Tyrkia Pegasus Airlines Antalya
Flag of Turkey.svg Tyrkia Freebird Airlines Antalya
Flag of Turkey.svg Tyrkia Onur Air Bodrum, Dalaman
Flag of Denmark.svg Danmark Thomas Cook Airlines Scandinavia Antalya, Rhodos, Chania, Larnaka, Palma de Mallorca, Las Palmas, Tenerife, Varna, Burgas
Flag of Denmark.svg Danmark Jet Time Madeira, Lanzarote
Flag of Denmark.svg Danmark Primera Air Madeira
Flag of Portugal.svg Portugal SATA International Madeira
Flag of Portugal.svg Portugal Orbest Palma de Mallorca
Flag of Spain.svg Spania Air Europa Palma de Mallorca, Tenerife
Flag of Greece.svg Hellas Aegean Airlines Rhodos
Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane Atlantic Airways Vágar, Rotterdam
Flag of Egypt.svg Egypt Nesma Airlines Sharm el-Sheikh
Flag of Bulgaria.svg Bulgaria Balkan Holidays Airlines Burgas
Flag of Finland.svg Finland Finnair Puerto Plata, Cancún

Frakt[endre | endre wikiteksten]

Flyselskap Destinasjoner
Flag of Luxembourg.svg Luxembourg West Air Sweden Oslo (for Posten Norge AS)
Flag of Germany.svg Tyskland DHL Leipzig/Halle (Mulig oppstart våren 2015)

Handlingagentar[endre | endre wikiteksten]

Selskap Bakketjenester for
Flag of Norway.svg Noreg SAS Ground Handling Braathens Aviation, Blue1, Icelandair, Krohn Air, Lufthansa, Lufthansa CityLine Scandinavian Airlines, Widerøe, Estonian Air, Atlantic Airways, Aegean Airlines, Orbest, Air Europa, Jet Time, Thomas Cook Airlines Scandinavia, Balkan Holidays Airlines, Corendon Airlines, Freebird Airlines, Onur Air, SunExpress, Nesma Airlines
Flag of Norway.svg Noreg Røros Flyservice Air France, KLM Cityhopper, KLM, Danish Air Transport, Finnair, Norwegian Air Shuttle, Primera Air, SATA International, Vueling, West Air Sweden, Wizzair


Nordlandsbanen går under rullebanen

Transport til flyplassen[endre | endre wikiteksten]

Ein kan kome seg til Trondheim med taxi, bil, buss eller tog; alle tar om lag ein halvtime. Jarnbanen har timeavgangar både nordover og sørover. Værnes var den fyrste flyplassen i Nord-Europa som fekk integrert jarnbanestasjon i terminalen, lokalisert mellom Hell og Stjørdal på Nordlandsbanen. Europavegane E 6 og E 14 går rett forbi flyplassen. Taxi står rett utanfor tilkomsthallen, flybussar går forbi hotella i Trondheim sentrum med hyppige avgangar i rushtida og rutebussar stoppar ved Shell-stasjonen (nordgåande) eller utanfor Rica Hell Hotell (sørgåande). Ein flybuss til Åre går tre gonger i veka, og korresponderer med internasjonale tilkomstar, i tillegg stoppar Namdalsekspressen (ekspressbuss Trondheim-Namsos) også utanfor terminalen. Ein kan tinge turbuss av ein av fleire turbusselskap i regionen.

Radiofrekvensar[endre | endre wikiteksten]

  • 118.600 (sivilt) Værnes app/radar.
  • 119.400 (sivilt) Værnes twr.
  • 119.150 (sivilt) Værnes Approach/Radar,backup.
  • 121.900 (sivilt) Værnes gnd.
  • 124.300 (sivilt) Værnes ctrl - nord.
  • 127.550 (sivilt) Værnes ATIS.
  • 133.750 (sivilt) Værnes twr,backup.
  • 445.900 (sivilt) Værnes Drivstoff Tankbil.
  • 459.600 (sivilt) Terminal 1.
  • 459.700 (sivilt) Terminal 2.
  • 459.800 (sivilt) Terminal 3.
Kontrolltårnet på Værnes

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trondheim lufthamn, Værnes