Sanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Måleriet Tida reddar sanninga av François Lemoyne (1737)

Sanning er eit omgrep som er mykje brukt i daglegtale, men samtidig sentralt innanfor mellom anna filosofi og vitskap. Det er ein eigenskap visse utsegner eller påstandar kan ha, men elles finst det ingen generelt aksepterte definisjonar av ordet hjå vitskapsfolk, og mange ulike teoriar vert diskuterte. Likevel vil nok mange vere einige i den tydinga dei fleste ordbøker opererer med; at sanninga er noko som samsvarar med røyndomen.

I moderne filosofi skil ein mellom to ulike typar sanning. Den faktiske eller empiriske sanninga kan definerast som den eigenskapen ei utsegn har viss ho samsvarar med røyndomen. I mange samanhengar, mellom anna i dagleglivet, er denne definisjonen nøyaktig nok og formålstenleg, men i erkjennings- og vitskapsteorien vil han vere for untøyaktig. Grunnen er at det ikkje finst noka allmenn semje om korleis ein definerer «samsvar», i tillegg til at det ikkje er semje om at «røyndomen» er noko ein kan ha kunnskapar om.

Den andre typen sanning er den formale eller logiske. Denne kan definerast utan å vise til røyndomen, og hevdar at ei utsegn kan kallast (logisk) sann viss sanninga hennar kan deduserast frå andre utsegner eller reglar som skal vere sanne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Sanning