Savona

Koordinatar: 44°18′N 8°29′E / 44.300°N 8.483°E / 44.300; 8.483
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Savona
Horisonten til Savona
Horisonten til Savona
Plassering
Savona is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Liguria
Savona
Borgarmeister Federico Berruti
Geografi
Flatevidd
 - By

65 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

61 742
  921/km²
Koordinatar 44°18′N 8°29′E / 44.300°N 8.483°E / 44.300; 8.483
Diverse annan informasjon
Postnummer 17100
Telefon-retningsnummer 019
Nettstad: www.comune.savona.it

Savona (ligurisk Sàn-na) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Savona i regionen Liguria og har om lag 60 000 innbyggjarar.

Savona vart tidlegare ein av dei største sentera i Italia for jernindustri med jernverk og støyperi, skipsverft, jernbaneverkstader, maskinverkstader og messingstøyperi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Savona er den romerske staden Savo til ingaunarane, der Mago i følgje Livius gøymde byttet sitt under den andre punarkrigen.

Ein viktigare stad i romartida var hamna ved Vada Sabatia (Vado), der vegen gjekk vidare til Appenninane og Placentia. I 1191 kjøpte kommunen Savona område som føydalherrane kravde. Gjennom heile historia har han vore i ein lang kamp mot Genova. Så tidleg som på 1100-talet bygde Savona seg ei hamn, men på 1500-talet gjorde genovesarane ho ubrukeleg fordi dei frykta at Frans I av Frankrike skulle nytta ho til handel i Middelhavet. Dei sokk skip fylt med store steinar ved munningen av hamna. I 1746 vart Savona erobra av kongen av Sardinia, men vart gjeve tilbake til Genova etter Aix-la-Chapelle-avtalen i 1748.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]