Schooneveld

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Schooneveld er eit grunt sedimentasjonsbasseng ved munningen av elva Schelde, nær øya Walcheren, utanfor kysten av Nederland. Det går parallelt til kysten og er avgrensa av den skiftande og særs farlege Raan-grunna i sør (som ligg ved munningen av estuaret Westerschelde) og den avlange Thorntonbank i nord.

Under den tredje engelsk-nederlandske krigen vart dei to slaga ved Schooneveld utkjempa her i juni 1673, men berre det første av desse fann faktisk stad ved sjølve Schooneveld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]