Secchia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Secchia | ||
| Utspring | Appenninane i Toscana og Emilia-Romagna | |
| - Høgd | 2 017 m | |
| Munning | Po sør for Mantova | |
| Land i nedslagsfelt | Italia | |
| Lengd | 172 km | |
| Middelvassføring | 42 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 2 292 km² | |
Secchia er ei elv i Italia. Ho renn gjennom Emilia-Romagna og er ein av sideelvane til Po frå høgre med ei lengd på 172 km. Ho har eit nedslagsfelt på 2 292 km², som er tørt om sommaren og våtaste på våren og hausten. Ho har sitt utspring i Alpe di Succiso i ei høgd på 2 017 moh, nær fjellovergangen Cerreto i Dei toscanske-emilianske Appenninane, og renn nordover mot Frigano og gjennom Pavullo nel Frigano og når til slutt Posletta nær Sassuolo (i provinsen Modena). Her er ho så vidt innom Modena og munnar ut i Po like sør for Mantova, nær munningen til Mincio.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Secchia frå Engelsk Wikipedia .