Sekstentalssystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
0hex = 0dec = 0oct 0 0 0 0
1hex = 1dec = 1oct 0 0 0 1
2hex = 2dec = 2oct 0 0 1 0
3hex = 3dec = 3oct 0 0 1 1
4hex = 4dec = 4oct 0 1 0 0
5hex = 5dec = 5oct 0 1 0 1
6hex = 6dec = 6oct 0 1 1 0
7hex = 7dec = 7oct 0 1 1 1
8hex = 8dec = 10oct 1 0 0 0
9hex = 9dec = 11oct 1 0 0 1
Ahex = 10dec = 12oct 1 0 1 0
Bhex = 11dec = 13oct 1 0 1 1
Chex = 12dec = 14oct 1 1 0 0
Dhex = 13dec = 15oct 1 1 0 1
Ehex = 14dec = 16oct 1 1 1 0
Fhex = 15dec = 17oct 1 1 1 1

Sekstentalssystemet (også kjent som heksadesimalsystemet) er eit talsystem som inneheld 16 ulike siffer. Som regel bruker ein sifra 0-9 frå titalssystemet i tillegg til bokstavane A-F, der A tilsvarer 10 i titalssystemet, og så vidare opp til F, som er 15.

Talsystemet innan data[endre | endre wikiteksten]

Systemet er nyttig i datamaskinar fordi ein kan bruka fire bit (fire siffer i totalssystemet) til å gje verdien for eit siffer i sekstentalssystemet. Ei byte, som er sett saman av 8 bit, kan dermed gje eit tosifra tal i sekstentalssystemet.

Brøkar[endre | endre wikiteksten]

Sekstentalssystemet er godt til å laga brøkar med:

1/2 = 0,8
1/3 = 0,5555...
1/4 = 0,4
1/5 = 0,3333...
1/6 = 0,2AAAA...
1/8 = 0,2
1/A = 0,19999...
1/C = 0,15555...
1/F = 0,1111...

Fordi talbasen er kvadratisk dannar heksadesimal oftare uløyselege brøkar enn titalssystemet. Repeterande desimalar oppstår når nemnaren har ein primfaktor som ikkje finst i teljaren. I samanheng med heksadesimale tal gjeld dette viss og berre viss nemnaren ikkje er ein toar-potens.

Multiplikasjon[endre | endre wikiteksten]

Multiplikasjonstabell for sekstentalssystemet.