Sem i Asker

Koordinatar: 59°51′20″N 10°25′49″E / 59.85556°N 10.43028°E / 59.85556; 10.43028
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°51′20″N 10°25′49″E / 59.85556°N 10.43028°E / 59.85556; 10.43028

Semsvannet i Sem.

Sem er eit gammalt industriområde i Asker kommune.

Stedet ligg ved Semsvannet, nord for Asker sentrum. Ved utløpet til Askerelva frå Semsvannet ligg gamle Sem Sag, Høveldammen, Sagdammen, Høvleriet, Saga og Seheims ski- og hjulmakerverksted.

Sem Gjestegård (tidlegare Sem hovedgård og før det Nedre Sem gård) har ein sentral plass i området. Frå 1886 låg Sem landbruksskole her, som blei driven av Wilhelm og Bernt Holtsmark. Frå 1914 blei Statens Småbrukslærerskole driven her. Denne blei etterkvart del av Noregs landbrukshøgskule. Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) på Ås selde den 306 mål store eigedommen til Asker kommune desember 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]