Bernt Holtsmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bernt Holtsmark (27. desember 185920. april 1941) var ein gardbrukar, skulemann, forfattar og stortingsrepresentant frå Asker. Faren var gardbrukar på storgarden Tveter.

Holtsmark gjekk 1876-78 på ein privatdriven landbruksskule i Østre Aker som var styrt av Haakon Tveter. Frå 1879 til 1882 var han forpaktar av ein gard i Asker og assistent på kontoret til Norges Vel. 1883-84 gjekk han den høgare avdeling på Ås høgare landbruksskule, dei tre neste åra var han knytt til Tveter sin gard Østensjø. Året 1885-86 gjekk han på Landwirtschaftliche Hochschule i Berlin. I 1887 oppretta han Sem landbruksskule på storgarden Sem i Asker, saman med broren Wilhelm. Holtsmark var styrar av skulen fram til 1914. Han eigde og dreiv farsgarden Tveter i Asker til 1893.

Holtsmark var aktiv som forfattar av landbruksstoff. Mellom anna redigerte han landbrukstidendene i Budstikka 1884-86, Dagbladet 1888-90, seinare i Verdens Gang og frå 1898 i Allers Familiejournal. Boka Husdyrlære for landbruksskolerne kom i 1897, og var lenge i bruk mellom gardbrukarar.

Holtsmark var stortingsrepresentant frå Akershus amt 1903-06 og frå Bærum og Follo krins 1906-09, vald på Samlingspartiet sitt program. Han sat i landbrukskomiteen: som sekretær 1903-07 og som nestformann 1908-09. Frå 1910 til -12 var han landbruksminister i Konow-regjeringa. 1916-21 var han atter på Stortinget, då for Frisinna Venstre og valkrinsen Mellom-Romerike i Akershus amt.

Holtsmark vart i 1930 tildelt St. Olavs Orden og fekk også tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]