Serengeti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Landskap i Serengeti.
Serengeti-parken i Tanzania.

Serengeti (frå masaispråk Serengit, 'endelause sletter'[1]) er eit økosystem i Afrika. Det ligg nord i Tanzania og strekkjer seg til sørvestre Kenya mellom 1 og 3 sørleg breiddegrad og 34 og 36 austleg breiddegrad. Området dekkjer rundt 30 000 km² og omfattar verdsarvområdet Serengeti nasjonalpark og fleire jaktreservat. Naturreservatet Masai Mara grenser til Serengeti nasjonalpark i vest.

Serengeti omfattar fleire ulike habitat, som elve- og våtmarksområde, skogar og grassletter. Området huser rundt 70 større pattedyr og rundt 500 fugleartar. Den største trekket av landlevande pattedyr i verda føregår her.[2] Flokkar som kan omfatta over éin million gnuar, fleire tusen sebraer og gasellar i tillegg til rovpattedyr som løver, hyener og sjakalar som følgjer dei gjer dette til ei spektakulær hending.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Serengeti

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Briggs, Phillip (2006), Northern Tanzania: The Bradt Safari Guide with Kilimanjaro and Zanzibar, Bradt Travel Guides, s. 198, ISBN 978-1-84162-146-3 ; Maa (Maasai) Dictionary, Darkwing.uoregon.edu, http://darkwing.uoregon.edu/~dlpayne/Maa%20Lexicon/index-english/main.htm, henta 2010-10-23 
  2. Partridge, Frank (2006-05-20), The fast show, http://www.findarticles.com/p/articles/mi_qn4158/is_20060520/ai_n16416123, henta 2007-03-14 

Koordinatar: 2°19′51″S 34°50′0″E