Sergej Lavrov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sergej Lavrov

Sergej Viktorovitsj Lavrov (russisk Сергей Викторович Лавров), fødd 21. mars 1950 i Moskva, er ein russisk diplomat og utanriksminister i Russland frå 2004.

Lavrov vart i 1972 uteksaminert frå det sovjetiske utanriksdepartementet sitt institutt for internasjonale forhold i Moskva. Same året vart han sendt til den sovjetiske ambassaden i Sri Lanka. Frå 1976 til 1981 jobba han i utanriksdepartementet i Moskva, frå 1981 til 1988 i den sovjetiske FN-delegasjonen i New York. I 1988 vende han attende til Moskva og jobba i det russiske utanriksdepartementet, frå 1992 som viseutanriksminister. I 1994 vart han Russland sin FN-ambassadør, noko han var i ti år. 9. mars 2004 utnevnde president Vladimir Putin han til utanriksminister i samband med ei større utskifting av regjeringa før det russiske presidentvalet.

Lavrov snakkar engelsk, fransk og singalesisk. Han er gift og har ei dotter.