Minister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Minister er ein tittel som blir brukt på medlemmer av ei regjering og diplomatar med rang under ambassadør.

I politikken[endre | endre wikiteksten]

Ein minister som er medlem av ei regjering, og har oftast ansvar for eit bestemt saksområde, med eit tilhøyrande ministerium eller departement, og eventuelle underliggande etatar. Ein minister utan eit slikt fastsett ansvarsområde blir kalla minister utan portefølje. I mange land er det berre dei ministrane som rangerer høgast som er medlemmer av kabinettet.

I Noreg har er det berre to av medlemmane i regjeringa som formelt har tittelen minister: statsministeren og utanriksministeren. I daglegtale blir tittelen likevel brukt også om dei andre medlemmane av statsrådet. Den offisielle tittelen på desse er statsråd.[treng kjelde]

I diplomatiet[endre | endre wikiteksten]

Ein minister i diplomatisk teneste har nest høgaste rang, under ambassadør, og opptrer ofte som ambassadøren sin medhjelpar. Tidlegare, til langt inn på 1900-talet) blei ambassadørar berre sendt av mektige statar til andre mektige statar, medan diplomatiske sendemenn til og frå mindre mektige statar hadde tittelen minister.

I andre samanhengar[endre | endre wikiteksten]

Ordet minister kan også nyttast om prester eller andre som har ein leiarfunksjon i ei menigheit, som f.eks. er vanleg i unitarmenigheiter i USA.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]