Serra da Estrela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serra da Estrela
fjell
Land  Portugal
Kart
Serra da Estrela
40°19′19″ N 7°36′47″ W
Wikimedia Commons: Serra da Estrela

Serra da Estrela er den høgaste fjellkjeda i Portugal og inneheld det høgaste fjellet på det portugisiske fastlandet (Ponta do PicoAsorane er høgare) med ei høgd på 1993 meter over havet. Toppen vert kalla Torre (tyder «tårn») og ligg i Loriga i kommunen Seia. Det er eit skisenter i området kalla Vodafone skisenter.

Fjellkjeda, som ligg mellom kommunane Seia og Covilhã, er om lag 100 km lang og 30 km på det breiaste. Ho består av ein stor granittrygg som ein gong danna den sørlege grensa til landet. Med bratte knausar og gjel, elvar og innsjøar, vakre skogar og flott utsyn, er området eit av dei flottaste naturområda i landet.

Fjellkjeda er i dag ein del av ein naturpark med gode høve for skisport.

Det er tre elvar som har kjeldene sine i Serra da Estrela: Mondego, som er den største elva som renn innanfor Portugal sine grenser, Zêzere, som er ei sideelv til Tejo, Alva, ei sideelv til Mondego.

Serra da Estrela-hunden (Cão da Serra da Estrela) er ein hundeart som har fått namn etter området.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Serra da Estrela

Koordinatar: 40°20′N 7°38′W