Ponta do Pico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ponta do Pico
Pico sett frå Faial
Pico sett frå Faial
Høgd over havet 2351 moh
Ligg i/på Pico i Asorane, Portugal
Fjellkjede Den midtatlantiske ryggen
Primærfaktor 2351 m
Koordinatar 38°28′N 28°24′WKoordinatar: 38°28′N 28°24′W
Fjelltype Stratovulkan
Siste utbrot 1720
Lettaste rute Sti

Ponta do Pico er ein stratovulkan og det høgaste punktet på øya Pico i Asorane. Med ei høgd på 2351 meter over havet er det òg det høgaste punktet i Portugal og på Den midtatlantiske ryggen. Pico er meir enn dobbelt så høg som andre fjell i Asorane.

Pico Alto er eit rundt krater med ein diameter på om lag 500 meter og eit djup på 30 meter som ligg på toppen av vulkanen. Piquinho (Pico Pequeno) er ei lita vulkankjegle som stig 70 meter opp og dannar den eigentlege toppen av fjellet. Utbrot frå Pico i historisk tid har skjedd frå ventilar i fjellsida av vulkanen og ikkje frå sjølve krateret på toppen. I 1562–1564 var det eit utbrot på søraustsida av fjellet som produserte lavastraumar som nådde sjøen. Eit anna utbrot i fjellsida i 1718 gjorde det same. Det siste utbrotet ein kjenner til skjedde i desember 1720.

Det går turstiar til toppen av fjellet, ein tur som tar to til fire timar frå botn av fjellet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]