Set Me Free av Eden Alene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Set Me Free»
Song av Eden Alene
Land Israel
Språk Engelsk, hebraisk
Utgjeve 26. januar 2021
Sjanger Pop[1]
Lengd 02:59
Selskap A.M Music Productions, Tedy Productions
Låtskrivar(ar) Amit Mordechai, Ido Netzer, Noam Zaltin, Ron Carm

«Set Me Free» (norsk 'set meg fri') er ein israelsk song frå 2021 med songaren Eden Alene. Songen er skriven av Amit Mordechai, Ido Netzer, Noam Zaltin og Ron Carm. «Set Me Free» vann den israelske songtevlinga HaShir Shelanu L'Eurovizion 25. januar 2021 og var det israelske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Alene skulle ha representerert Israel i Eurovision Song Contest 2020 etter å ha vunne tevlinga HaShir HaBa L'Eurovizion i mars 2020, men Eurovision Song Contest vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien.[2] I staden vedtok den israelske kringkastaren Israels offentlege kringkastingsselskap at Alene skulle representere Israel i Eurovision Song Contest 2021. Ho framførte tre låtar under den israelske songtevlinga HaShir Shelanu L'Eurovizion på Kan 11 måndag 25. januar 2021.[3] «Set Me Free» fekk klårt flest telefonrøyster med 71,3 prosent av røystene.[4] Songen vart dimed kåra til det israelske bidraget til Eurovision Song Contest i Rotterdam i Nederland i mai 2021.

Israel deltok i den fyrste semifinalen tysdag 18. mai 2021 og vart nummer 5 med 192 poeng.[5] Som eit av dei ti beste bidraga i semifinalen, kvalifiserte «Set Me Free» seg til finalen laurdag 22. mai.[6] I finalen var songen det tredje bidraget ut på scena av 26 deltakarar. Til slutt enda «Set Me Free» på 17. plass med 93 poeng.[7]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2021) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratip Flandern)[8] 31
Hellas (IFPI)[9] 68
Island (Tónlistinn)[10] 38
Israel (Media Forest)[11] 3
Litauen (AGATA)[12] 28
Nederland (Single Top 100)[13] 78
Storbritannia (UK Download)[14] 100
Sverige (Sverigetopplistan)[15] 78

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Eurovision is Eden's time to shine - The Jewish Chronicle». www.thejc.com. Henta 23. mai 2021. 
  2. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  3. «Israel: KAN unveils Eden Alene's potential entries for Eurovision 2021» (på engelsk). ESCToday. 4. januar 2021. Henta 31. januar 2021. 
  4. «Eden Alene will perform Set Me Free for Israel» (på engelsk). 25. januar 2021. Henta 31. januar 2021. 
  5. «First Semi-Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 13. august 2021. 
  6. «First Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 18. mai 2021. Henta 21. mai 2021. 
  7. «Grand Final of Rotterdam 2021» (på engelsk). Henta 13. august 2021. 
  8. «Eden Alene - Set Me Free - ultratop.be». Henta 13. august 2021. 
  9. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 21/2021» (på gresk). IFPI.gr. Arkivert frå originalen 8. juni 2021. Henta 8. juni 2021. 
  10. «Tónlistinn – Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Arkivert frå originalen 5. juni 2021. Henta 3. juli 2021. 
  11. «Media Forest - week 21, 2021». Media Forest. [daud lenkje]
  12. «2021 21-os SAVAITĖS (gegužės 21-27 d.) SINGLŲ TOP100.» (på litauisk). 28. mai 2021. Henta 29. mai 2021. 
  13. Hung, Steffen. «Eden Alene - Set Me Free». Henta 13. august 2021. 
  14. «Official Singles Downloads Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 29. mai 2021. 
  15. «swedishcharts.com - Eden Alene - Set Me Free». Henta 13. august 2021.