Rotterdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rotterdam
Erasmusbrua med sentrum av Rotterdam i bakgrunnen
Erasmusbrua med sentrum av Rotterdam i bakgrunnen
Flagget til Rotterdam Byvåpenet til Rotterdam
Flagget til Rotterdam Byvåpenet til Rotterdam
Kallenamn
«Roffa eller Rotjeknor»
Motto
«Sterker door strijd»
(Sterkare gjennom strid)
Plassering
Plassering av  Rotterdam
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Zuid-Holland
Borgarmeister Ahmed Aboutaleb
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

319 km²
  206 km²
  113 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik
 - Byområde

584 046
  2850/km²
1 200 000
Koordinatar 51°55′51″N 4°28′45″EKoordinatar: 51°55′51″N 4°28′45″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.rotterdam.nl

Rotterdam er den nest største byen i Nederland etter hovudstaden Amsterdam, og den største byen i provinsen Zuid-Holland (Sør-Holland). Byen har den største hamna i Europa, og var mellom 1962 til 2004 den travlaste hamna i verda, før Shanghai tok over den rolla. Han ligg ved breidda til elva Nieuwe Maas (Nye Maas), ein av elvane i elvedeltaet danna av Rhinen og Maas. Namnet Rotterdam har sitt opphav i at byen vart grunnlagd ved ein demning (dam) i ei av sideelvane, Rotte.

Byen har om lag 600 000 innbyggjarar, men dannar saman med den Haag det åttande største storbyområdet i Europa med rundt 3,3 millionar innbyggjarar.

14. mai 1940 vart byen bomba til ruinar av det tyske Luftwaffe.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rotterdam (1856), av Johan Jongkind

Rotterdam har ei soge som går tilbake til minst år 900 ved elva Rotte (eller Rotta som ho heitte den gongen). Rundt 1150 førte store flaumar til at utviklinga av området stoppa opp og at store dike og demningar vart bygd, inkludert Schielands Hoge Zeedijk langs nordsida av dagens Nieuwe Maas. Ein demning ved Rotte, kalla «Rotterdam» vart bygd i 1260-åra og ligg der Hoogstraat (Hovudgata) ligg i dag.

7. juni 1340 gav grev Willem IV av Holland Rotterdam byrettar, som då hadde om lag 2000 innbyggjarar. Rund 1350 vart ein skipskanal, Rotterdamse Schie, bygd ferdig og han gav Rotterdam sjøveg til dei større byane i nord og vart eit lokalt omlastingssenter mellom Holland, England og Tyskland. Han vart på denne tida gradvis urbanisert.

Hamna i Rotterdam voks sakte, men gradvis og vart etter kvart ei viktig hamn og sete for ein av dei seks kammera til Vereenigde Oostindische Compagnie (VOC), eller Det nederlandske austindiakompaniet.

Den største veksten, både for hamna og i folketalt, kom då Nieuwe Waterweg stod ferdig i 1872. Byen og hamna byrja å utvide seg på sørsida av elva. Witte Huis eller «Det kvite huset» var ein skyskrapar bygd i 1898 inspirert av dei amerikanske skyskraparane og er eit symbol på Rotterdam sin vekst og suksess. Då bygget stod ferdig var det den høgaste kontorbygningen i Europa med ei høgd på 45 meter.

Tyskland invaderte Nederland 10. mai 1940. Tyskland hadde planlagt å erobre land på ein dag, men møtte hard motstand og den nederlandske hæren kapitulerte først 14. mai etter at tyskarane bomba Rotterdam og truga med å bombe andre byar. Hjarte av byen vart nesten totalt øydelagd av tyske Luftwaffe og 800 menneske mista livet medan om la 80 000 vart heimlause. Ossip Zadkine fanga seinare hendinga med statuen Stad zonder hart («Byen utan hjarte»). Rådhuset overlevde bombinga. Tyskarane prøvde å unngå og treffe rådhuset sidan det skulle nyttast som hovudkvarter deira i Nederland under krigen. Statuen ligg no nær Leuvehaven, ikkje langt frå brua Erasmusbrug i sentrum av byen, på nordsida av elva Nieuwe Maas. Frå 1950-åra og gjennom 1970-åra vart byen bygd om. Byen var verande forholdsvis vindfull og open fram til byråda i 1980-åra utvikla ei ny utforming av byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Randstadmonitor 2006. www.regio-randstad.nl. Regio Randstad (Januar 2007). Vitja 4. april 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rotterdam