Shakira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shakira

Statsborgarskap Spania, Colombia
Fødd 2. februar 1977 (47 år)
Barranquilla
Yrke songar, skodespelar, koreograf, gitarist, komponist, velgjerar, produsent, stemmeskodespelar
Språk spansk, engelsk, italiensk, portugisisk, fransk, katalansk
Høgd 1,57 meter
Medlem av White House Initiative on Educational Excellence for Hispanics
Partnar Antonio de la Rúa, Gerard Piqué
Nettstad https://www.shakira.com
Shakira på Commons

Shakira Isabel Mebarak Ripoll, kjend som Shakira (fødd 2. februar 1977 i Barranquilla) er ei colombiansk komponist, plateprodusent og songar.

Shakira debuterte allereie i 1991 hjå plateselskapet Sony BMG med cd-en Magia. Salstala var beskjedne, men etter fleire cd-utgjevingar opparbeidde ho seg eit stort publikum i den spansktalande verda.

I 2002 gav ho ut sin fyrste cd på engelsk, Laundry Service. Denne vart ein av dei mestseljande platene det året, og Whenever, Wherever vart ein stor hit. Ho har vunne fleire Grammy-prisar i løpet av karrieren sin. I 2010 spelte ho inn den offisielle supportar-songen til VM i fotball 2010. Songen fekk namnet Waka Waka (This Time for Africa), og vart ein stor suksess.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 – Magia
  • 1993 – Peligro
  • 1996 – Pies Descalzos
  • 1997 – The Remixes
  • 1998 – ¿Dónde Están Los Ladrones?
  • 2000 – MTV Unplugged
  • 2001 – Laundry Service
  • 2002 – Grandes Éxitos
  • 2004 – Live & Off the Record
  • 2005 – Fijación Oral Volumen 1
  • 2006 – Oral Fixation Volume 2
  • 2007 - Oral Fixation & Fijación Oral dubble pack m dvd
  • 2009 - She Wolf
  • 2010 - Sale El Sol

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er basert på delar av Engelsk Wikipedia sin artikkel om Shakira.
  • Diskografien er henta frå Wikipedia Bokmål.