Shirley MacLaine
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
MacLaine i traileren til debutfilmen sin The Trouble with Harry (1955).
Shirley MacLaine (fødd 24. april 1934) er ein USA-amerikansk filmskodespelar.
Shirley MacLean Beaty var fødd i Richmond i Virginia. Broren Warren Beatty blei også seinare skodespelar.
Shirley MacLaine debuterte i Hitchcock-filmen The Trouble with Harry (1955) som ho vann ein Golden Globe-pris som årets nykomling for. I 1956 spelte ho i Hot Spell, Around the World in Eighty Days og Some Came Running. Den sistnemnde fekk ho ein Golden Globe-nominasjon og sin første Oscar-nominasjon for. Etter fleire nominasjonar for andre filmar vann ho sin første oscarpris i 1983 for Terms of Endearment.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Shirley MacLaine» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2009.