Sideelv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samløpet mellom Amazonas (t.v) og sideelva Rio Negro (t.h.)

Ei sideelv er ei elv eller ein bekk som ikkje renn direkte ut i havet, men munnar ut i hovudelva i eit vassdrag. I større vassdrag kan ei sideelv òg ha eigne sideelver, og ho vert dermed hovudelva i eit sidevassdrag.

Saman med hovudelva drenerer sideelvene det omkringliggande nedslagsfeltet for overflatevatn ved å føre vatnet ut til havet. Staden der to elver renn saman vert kalla eit samløp.

Uttrykka høgre sideelv og venstre sideelv skildra den relative posisjonen til sideelva i forhold til hovudelva, sett i den retninga elva renn.