Vassdrag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nedslagsfelt. Den stipla linja markerer vasskiljet i nedslagsfeltet.

Eit vassdrag er eit samanhengande system av bekkar, elvar, innsjøar og isbrear, rekna frå sine utspring i skog og fjell og ned til eit felles utløp i havet, ein innsjø eller ei større elv.

Fjellkjeder og andre høgdedrag utgjer ofte eit vasskilje.

Amazonas er det største vassdraget i verda med eit nedslagsfelt på 6 144 727 km², det er ein tredjedel av arealet til Sør-Amerika. Europa sitt største vassdrag er Volga (1 410 994 km²).

Vassdrag i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg finst det om lag 4000 vassdrag, der nærare 3000 anten er lengre enn 10 km eller har sjøar som er større enn 1 km².[1]

25–30 % av vassdraga i Noreg er regulert for kraftproduksjon.

Sortert etter nedbørsfelt er det største vassdraget i Noreg Glommavassdraget. Nedbørsfeltet er på 41 917 km².

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jon Arne Eie, Per Einar Faugli og Jens Aabel: Elver og vann. Vern av norske vassdrag. Grøndahl Dreyer 1996. ISBN 82-504-2241-4