Siegen

Koordinatar: 50°52′0″N 08°01′0″E / 50.86667°N 8.01667°E / 50.86667; 8.01667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siegen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Siegen
Siegen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Arnsberg
Siegen-Wittgenstein
Geografi
Flatevidd
 - By

114,67 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

105 697
  914/km²
Koordinatar 50°52′0″N 08°01′0″E / 50.86667°N 8.01667°E / 50.86667; 8.01667
Høgd over havet 250 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 57001–57080
Telefon-retningsnummer 0271
Bilnummer SI
Heimeside: www.siegen.de

Siegen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 105 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Sieg i landkreisen Siegen-Wittgenstein der han er administrasjonssete.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Siegen kjem sannsynlegvis frå det keltiske elvenamnet Sieg. Det er derimot uklart om det er samanheng mellom dette namnet og den germanske stamma Sicambri, som levde her i før-kristen tid. Dei første nedskrivne kjeldene om byen, då kalla Sigena, går tilbake til 1079. Hovudnæringa til byen var i lange tider gruvedrift, noko ein kan sjå med dei mange gruvene innanfor bygrensene.

I 1224 høyrte Siegen til greven av Nassau, Heinrich den rike, og Engelbert II av Berg, erkebiskop av Köln, etter at sistnemnde overførte halvdelen av eigedomen til førstnemnde. Oberes Schloss var alt bygd på denne tida. 19. oktober 1303 fekk Siegen byrettar. Byen var delt mellom dei to overherrane fram til 1381 då Nassau tok over heile eigarskapet.

På 1500-talet vart det bygd bymurar rundt Siegen med seksten tårn og tre byportar, i tillegg til ei flott borg. Byen vart fleire gongar råka av bybrannar, mellom anna i 1592 og 1695.

På 1700-talet blømde gruvedrifta, i lag med jord- og skogbruk. Då prins Vilhelm I av Nederland nekta å verte med i Rhinforbundet, grunnlagd av Napoleon, vart han kasta av trona av den franske keisaren og Siegerland gjekk til storhertugdømet Berg. Etter Napoleon sitt fall i 1815, fekk Vilhelm I tilbake sine tidlegare tyske område, men avstod desse til Preussen i byte for storhertugdømet Luxembourg.

I 1923 vart Siegen tatt ut av landkreisen med same namn og vart ein kreisfri by. I 1975 mista derimot Siegen denne statusen og vart ein del av den nyoppretta landkreisen Siegen-Wittgenstein.

Under den andre verdskrigen vart Siegen bomba fleire gongar av dei allierte på grunn av ei viktig jernbanelinje som gjekk gjennom byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Siegen