Sierra de Ancares
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sierra de Ancares | |
| Fjellkjede | |
| Land | |
|---|---|
| Region | Asturias |
| Grensar til | Dei kantabriske fjella |
| Høgaste punkt | Cuiña |
| - høgd | 1 987 moh |
Sierra de Ancares er ei fjellkjede i Spania som strekkjer seg sørvestover frå Dei kantabriske fjella i Asturias.
Ancares dannar grensa mellom dei autonome regionane Galicia og León. Ein av kommunane i Galicia i Os Ancares er kalla opp etter fjella.
Det høgaste fjellet er Cuiña (1987 moh).
I dette området av Spania finst fleire isolerte samfunn som var heilt avskorne frå resten av omverda fram til det vart bygd vegar hit på midten av 1900-talet. Typiske byggverk i området vert kalla palloza.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sierra de Ancares» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mai 2009.