Sigmund Grønmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sigmund Grønmo, 2012

Sigmund Grønmo (fødd 28. mars 1947) har sidan 2005 vore rektor ved Universitetet i Bergen. Grønmo er opphavleg odelsgut frå SømnaHelgelandskysten.

Grønmo har magistergrad i statsvitskap frå Universitetet i Oslo (1971), men er betre kjend som sosiolog. Tyngdepunktet i forskinga til Grønmo er innanfor økonomisk sosiologi, tidssosiologi og samfunnsvitskapleg metode. Han har særleg vist interesse for nettverkstilnærmingar og strukturelle analysar. Grønmo er forfattar av fleire bøker og ei rekkje artiklar i norske og internasjonale tidsskrift. Norske og nordiske studentar i samfunnsfag stiftar kjennkap med den samfunnsvitskaplege tenkjinga til Grønmo gjennom boka Samfunnsvitenskapelige metoder (2004). Grønmo er tidlegare redaktør av Sosiologisk Årbok. Han er no medlem av redaksjonsråda for tidsskrifta Consumption, Culture & Markets, Sosiologisk tidsskrift og Tidsskrift for samfunnsforskning.

Sidan 1990 har Grønmo vore professor i sosiologi ved Universitetet i Bergen. Han har tidlegare vore professor ved Handelshøyskolen BI, dosent og professor II i sosiologi ved Universitetet i Oslo, forskingssjef ved Fondet for markeds- og distribusjonsforskning, og vitskapleg assistent ved Institutt for samfunnsforskning. Den internasjonale erfaringa hans omfattar gjesteprofessoropphald ved Dalhousie University, Illinois State University, University of California og University of Queensland.

Før han vart rektor ved Universitetet i Bergen har Grønmo har innehatt fleire universitetspolitiske verv. Han har vore instituttstyrar ved Sosiologisk institutt, samt prodekanus og dekanus ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet. Grønmo stilte til val som rektor ved Universitetet i Bergen i 1997, men tapte for Kirsti Koch Christensen og måtte nøye seg med vervet som prorektor, eit verv han ikkje stilte til attval til i 2001. Men i 2005 vart Grønmo vald med overlegen margin på eit kvalitetsreformkritisk program. Han er vald fram til 2009.

Grønmo har vore preses i Selskapet til vitenskapens fremme, styreleiar i NIFU-STEP, styremedlem i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) og Universitets- og Høgskulerådet, medlem av Nordisk forskningspolitisk råd og medlem av forskingskomiteen i European University Association. I 2007 vart Grønmo innvald som medlem i Det Norske Videnskaps-Akademi, Den historisk-filosofiske klasse.

Mellom 1968 og 1969 var han leiar for Sosialistisk Ungdomsforbund, og stod i denne eigenskapen i spissen for å lausrive organisasjonen frå Sosialistisk Folkeparti. Etter at han gjekk av som leiar vart han i 1970 vald til leiar av Det Norske Studentersamfund ved Universitetet i Oslo, og i 1971 fullførde magistergraden sin i samfunnsfag. Han trekte seg etter dette frå politikken for å søkje ein akademisk karriere.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]