Silke Renk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Silke Renk
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 30. juni 1967 (56 år)
Querfurt
Yrke friidrettsutøvar, spydkastar
Språk tysk
Høgd 173 centimeter

Silke Renk (fødd 30. juni 1967) er ein tysk tidlegare spydkastar frå Querfurt i Sachsen-Anhalt som vart olympisk meister i øvinga i 1992. Ho representerte Aust-Tyskland til 1990, sidan det samla Tyskland.

Sommaren 1988 presterte Renk sitt lengste kast med den dåverande spydtypen, i austtyske Rostock landa spydet på 71,00 meter. Under Sommar-OL i Seoul tre månader seinare vart ho nummer fem med sine 66,38 m. To år seinare rykte ho ein plass fram på resultatlista under EM i Split og vart nummer fire. Året etter tok ho endå eit steg fram og vann bronsen under Tokyo-VM 1991.

Under dei olympiske sommarleikane 1992 i Barcelona kasta Renk 67,24 m i den fyrste finaleomgangen og la seg på andreplassen, etter som Natalja Sjikolenko i same omgangen tok leiinga med eit kast på 68,26 m. Slik var stillinga til sjette og siste omgangen. Renk lukkast då smelle til med 68,34 m og kneip gullmedaljen, åtte centimeter framfor Sjikolenko.

Renk enda på sjetteplassen i spydtevlinga under VM 1993. Ho deltok ikkje i EM 1994 grunna ein kneskade. Sidan var ho med i VM 1995, OL 1996 og VM 1997, alle tre gongane mangla ho nokre få desimeter på å kvalifisere seg til finale.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]