Sinjarfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sinjar
Şengal
fjellkjede
Satellittbilete av Sinjarfjella
Land  Irak,  Syria
Guvernement Ninive guvernement
Stad Shingal
 - høgd 1 356 moh.
 - koordinatar 36°22′0.22″N 41°43′18.62″E / 36.3667278°N 41.7218389°E / 36.3667278; 41.7218389
Kart
Sinjarfjella
36°21′41″N 41°42′00″E / 36.36138889°N 41.7°E / 36.36138889; 41.7
Wikimedia Commons: Sinjar Mountains

Sinjarfjella (Jabal Sinjār, også Shingal- eller Shengalfjella) er ei fjellkjede som ligg i Øvre Mesopotamia, mellom Eufrat og Tigris. Den høgaste toppen i fjella er 1 356 moh.[1] Fjellkjeda har ei aust-vestleg retning og er rundt 100 km lang, medan den høgaste delen er rundt 75 km lang.

Fjellsider med terrassar i Sinjarfjella.

Sinjarfjella ligg i regionen Kurdistan; hovuddelen er i Ninive guvernement i Irak, medan rundt 25 km ligg i syriske Al-Hasakah guvernement. Byen Sinjar eller Shingal ligg like sør for fjellkjeda.[2][3] Området nedanfor fjella blir kalla Sinjarsletta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Sinjār Mountains», Encyclopaedica Britannica, britannica.com
  2. Edgell, H. S. 2006. Arabian Deserts: Nature, Origin, and Evolution. Springer, Dordrecht, Nederland. 592 s. ISBN 978-1-4020-3969-0
  3. Numan, N.M.S. og N.K. Al-Azzawi. 2002. Progressive Versus Paroxysmal Alpine Folding in Sinjar Anticline Northwestern Iraq. Iraqi Journal of Earth Science. vol. 2, no.2, s. 59-69.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sinjarfjella