Sion i Sveits
| Sion | |||
|---|---|---|---|
| Gamlebyen i Sion | |||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | Valais | ||
| Distrikt | Sion | ||
| Språk | fransk | ||
| Borgarmeister | Marcel Maurer | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
25,6 km² |
||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
30 363 1 186,1 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 500 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 1950 | ||
| Nettstad: www.sion.ch | |||
Sion (tysk Sitten, Latin Sedunum) er hovudstade i den sveitsiske kantonen Valais. Kommunen har 30 363 innbyggjarar (2010) og eit areal på 26 km². Kommunesenteret ligg 500 meter over havet.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Arkeologiske utgravingar har vist at området har vore busett sidan steinalderen. Då det keltiske Wallis vart erobra av romarar i år 15 f.Kr. oppstod kolonien Sedunum. I 580 vart Sedunum sete for biskopen av Martigny, og frå 999 var biskopen også verdsleg herskar over området.
Demografi [endre]
Tradisjonelt har byen vore tospråkleg (fransk og tysk), over 50 % snakka tysk i 1870, I nyare tid har fransk språk i stor grad fortrengt tysk. Omkring 70 % av innbyggjarane snakkar i dag fransk, 5 % tysk og 5 % italiensk, resten snakkar utanlandske språk.
Attraksjonar [endre]
Museum [endre]
I Sion er det fleire museum, mellom andre eit naturhistorisk museum og eit arkeologisk museum. Musée de Valère stiller ut våpen, uniformer med meir.
Bygningar [endre]
Karakteristisk for Sion er eit mellomaldersk bybilete, omgitt av klippene Valère (621 m) med valfartskyrkja Notre-Dame de Valère (1200-1300-talet) og Tourbillon med ruinen av det tidlegare biskops-slottet frå det 13. hundreåret.
I gamlebyen ligg katedralen Notre-Dame-du-Glarier, bygd i det 15. hundreåret, med eit romansk tårn frå det 12. hundreåret.
Sørvest for katedralen ligg kyrkja St-Théodule. Bygginga tok til i 1516 i seingotisk stil, og varte i to hundreår. Lenger aust i byen ligg rådhuset, bygt mellom 1657 og 1665 i renessansestil.
Vindyrking [endre]
Sion har eit mildt klima, og er etter Satigny og Chamoson det viktigaste vinområdet i Sveits. Den største vindyrkarsamanslutninga i Sveits, 'Provins', har sitt hovedsete i Sion.
Transport [endre]
Sion ligg ved jarnbanelinja Lausanne-Brig og ved den ein gong viktige alpe-transittstrekninga Lausanne-Simplon-Domodossola. Byen har ein liten flyplass, som ligg eit stykke vest for byen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sion i Sveits» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2010.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell nettstad (tysk) (fransk)
- Turistguide